Som vanleg var det god stremning da starten gjekk for dei som skulle springe i den lengste løypa. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Som vanleg var det god stremning da starten gjekk for dei som skulle springe i den lengste løypa. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eit nytt rekordår

Me har tidlegare gitt Førland kallenamnet «løparbygda». Det namnet lev framleis i beste velgåande. Onsdag var det sesongavslutning.

98 deltakarar møtte opp til årets siste løp terrengløpkarusellen på og rundt idrettsanlegget ved skulen.
Mange glade barn og ny rekord i langløypa av Amund Stokkenes, som kom inn på 15.01 og dermed slo Vidar Ydstebøs gamle rekord på 15.24.
– Det var eit mål, men eg visste ikkje heil korleis det gjekk undervegs. Kjekt å klare det og eg er godt nøgd med løpet mitt, seier den kjappe 15-åringen.

Kjempeartig
Nøgd var også arrangørane i Førland IL. Totalt ble det registrert 359 startar.
– Kan umuleg vere mange i bygda som ikkje har sikra seg ein medalje her Atle Totalnd?
– Nei, dette er blitt eit arrangement for heile bygda, og det er kjempeartig at det kjem ungdommar tilbake, etter å ha hatt seg ein pause. Det var eit par rekordar som skulla takast i dag, men det blei med Amund sin, fortel arrangøren med eit stort glis.

I neste avis
Tysvær Bygdeblad var med på den siste runden av terrengløpskarusellen på Førland, og i papiravisa neste torsdag kan ein få lese kommentarar frå både liten og stor. Me har snakka meir med Atle, litt med trioen Mikal, Håkon og Jonas, samt med jentene Natalie og Lotta.

På jakt etter rekordar, medalje og saft. Terrengløpskarusellen på Førland er ein folkefest.