Helene Håland, Sigmund Lier, Thore Yrke og Marlin Løvås skal rydde søppel på torsdag. Skal du?
Helene Håland, Sigmund Lier, Thore Yrke og Marlin Løvås skal rydde søppel på torsdag. Skal du?

Tar du ryddeutfordringa?

Ungdomsrådet utfordra kommunestyret til å vere med å rydde søppel. Dei tar utfordringa på strak arm, og ordføraren oppmodar andre til å gjere det same.

«Hele Rogaland rydder» heiter aksjonen. Det er NRK Rogaland som har tatt initiativ, og aksjonen går føre seg på torsdag. Planen er at ein skal plukke med seg alt ein finn av plast, glas, papp og anna søppel ein finn ute. Tanken bak er at ingen kan ta alt, men at alle kan ta litt. Ein rydderunde i lunsjen kan vere nok.

Me synest det er viktig at me rydder

Tysvær ungdomsråd utfordra altså kommunestyret til å rydde søppel, og etter skule og jobb i på torsdag skal dei rydde på eit område på Førland saman.
– Me synest det er viktig at me rydder etter oss ute i naturen, seier leiar i ungdomsrådet, Helene Håland.
Det var miljørådgivar i Tysvær kommune, Marlin Ø. Løvås, som informerte ungdomsrådet om aksjonen, og slik fekk dei ideen om å utfordre politikarane.
Næringlivet skal også ta i eit tak, og leiar i Tysvær næringsforum, Thore Yrke, oppmodar alle bedrifter til å ta ein time å rydde i område rundt jobben. Det er sendt ut epost til fleire bedrifter, og han håper at mange vil rydde.
Tilsette i Tysvær kommune skal også rydde på torsdag, etter oppmoding frå rådmannen. Dei skal rydde område rundt rådhuset, fortel Marlen Løvås.