Randi Rettedal er ferdig som rektor ved Tveit vidaregåande skule. Ho skal fungere som rådgivar fram til hausten. 
Foto: Alf- Einar Kvalavåg
Randi Rettedal (Frp) fremma forslag om å opprette eit folkevalt organ i barnevernssaka.

Ferdig som rektor

Randi Rettedal gir seg – etter ni år som rektor ved Tveit vidaregåande skule. Kåre Åsheim har overtatt stillinga.

Dei løyste kabalen internt, då Randi Rettedal – etter eige ønske, ville slutte i jobben som rektor på Tveit.
– Me lyste ut stillinga internt, og tilsette Kåre Åsheim frå 1. april. Me er svært fornøgde med at det blei han. Kåre har jobba på skulen lenge og kjenner til alt frå før. Han er ein dyktig mann som me har stor tru på vil gjere ein god jobb, seier styreleiar Geir-Helge Hansen på telefon denne veka.
Den nybakte rektoren er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, har tatt rektorskulen og vore tilsett på Tveit sidan 2001.
God leiar
Rettedal, som har vore ein synleg og engasjert rektor dei siste ni åra, rundar 62 år i år, og kjem derfor til å gå av med tidleg pensjon til hausten. Fram til då kjem ho til å bli verande på Tveit, men i ei anna stilling.
– Eg er rådgivar på skulen fram til eg går av til hausten, fortel Rettedal.

Les heile saka i papiravisa