– Vi ser teikn til betring i arbeidsmarknaden. Nedgangen i arbeidsløysa fortset, fleire bedrifter meldar om positive utsikter og færre varslar NAV om oppseiingar og permitteringar, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
13 579 rogalendingar står utan jobb i april. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse på 5,2 prosent. 2714 personar er i eit arbeidsretta tiltak via NAV i Rogaland.
Langtidsarbeidsløyse
Arbeidsløysa er framleis høg og det siste året har langtidsarbeidsløysa auka vesentleg. I april har 6 345 personar stått registrert som arbeidssøkar hos NAV i 26 veker eller meir. Dette er 675 fleire enn for eitt år sidan.
– Langtidsarbeidsløysa uroar meg. Mange erfarer at det tar lang tid å få jobb. Dette viser kor viktig det er å halde jobbsøkaraktiviteten høg, tenke gjennom korleis kompetanse kan brukast på nye måtar, og ikkje minst søke jobb andre stader, seier Nordahl.
Nedgang arbeidsløysa i fleire yrkesgrupper
Størst nedgang har bygg- og anleggsbransjen, men tala visar og nedgang for blant anna reiseliv og transport, industriarbeid og for ingeniør- og ikt-fag.
Størst arbeidsløyse i Sola, Sandnes og Eigesund
Dei tre kommunane Eigersund, Sandnes og Sola har i april den største arbeidsløysa i fylket med ei bruttoarbeidsløyse på 6,2 prosent, medan Stavanger har 5,8 prosent og Haugesund har 5,0 prosent.
1 496 ledige stillingar
NAV registrerte i april 1 496 ledige stillingar i Rogaland. Det var flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (384), undervisning (195) og bygg- og anlegg (186).