– Me kjem attende til korleis dette skal gjeras. Supert at elevane sjølve har gjort heile jobben. Litt hjelp til redigering var einaste hjelpen dei fekk. Takk til Ola C. Bårdsen som satte av ein heil dag, skriv rektor Geir Dybdahl på skulen sine nettsider.
I samband med filmprosjektet klassen har jobba med, kom 3 supre FKH-spelarar til klassen. Det var Alexander Stølas, Kristoffer Haraldseid og Vegard Skjerve. Elevane var kjempestolte og glad for besøk.
– Elevene våre var flinke til å dele arbeidsprosessen med spelarane, dei fortalde korleis dei har jobba, kva dei har lært, og kva dei tykte var kjekt, skriv Dybdahl.
FKH-spelarane fekk sjå filmen og blei ganske imponert over den flotte filmen elevane har laga. Dei fikk stille spørsmål til spelarane, og FKH imponerte med det sterke fokuset dei har på samhald, og respekt for kvarandre i laget. Det handler om å gjøre kvarandre gode!