Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Heng frå seg hundebæsj på privat eigedom

Ole Andreas Stakkestad er møkklei av hunde-eigarar som heng frå seg bæsjeposar etter sine firbeinte på gjerdet hans.

Når folk går den populære turen til Valhest, kryssar dei eigedomen til Stakkestad. No er 70-åringen lei av at folk utnyttar gjestfridomen hans.
– Det er berre kjekt at folk nyttar seg av vegen på eigedomen vår for å komme seg på tur. Men at folk som kjem med hund, ikkje gidder å ta med seg bæsjen etter dyra sine, er ikkje greitt, seier han.

Uforståeleg
Det er mange som tar med seg hundane sine på den flotte turen til Valhest, og når dei gjer frå seg tidleg på turen, heng eigarane altså ofte frå seg dei små svarte posane sine på gjerdet til Stakkestad før dei legg ut på «løypa». Dette er i og for seg greitt, meiner Ole Andreas, men dei må sjølvsagt hugse å ta dei med seg igjen på heimturen.
– Når dei først tar seg bryet med å ha med pose og plukke opp skiten, så skjønar eg ikkje at dei ikkje også gidd ta det med seg igjen for å kaste det. Eg forstår at det ikkje er så kjekt å ta med bæsjposane opp til Valhest, og at dei i staden vel å henge dei frå seg ved grinda hos meg, men ta det med igjen!, oppmodar Stakkestad oppgitt.

Les heile saka i papiravisa