Kaffi, skulebollar, pussemaskin og skrape. Sjøskvulp og måkeskrik. Friseglaren er på slipp i Skjoldastraumen, og skal få seg ei overhaling før sommaren står for dør. Sola varmar, og leiar i Leirong kystlang, Trond Martinsen må innsjå at kjeledressen var i varmaste laget denne dagen. Med seg på båtpussen har han to gode hjelparar og kystlagsmedlemmar, og det er ikkje tvil om at trioen kosar seg med jobben.
For snart to veker sidan fekk Leirong kystlag tildelt heidersbeviset Kystlagsprisen for 2016 under Forbundet KYSTEN sitt landsmøte i Norheimsund for sitt arbeid gjennom 18 år.
Stas, synest sjølvsagt leiaren.
– Prisen blir tildelt eit lag i Norge som har gjort ein spesiell innsats og gjort noko ekstra. Det er 126 kystlag i landet, så det er kjekt å få ein slik pris og bli lagt merke til nasjonalt, seier Martinsen.
Han meiner at å vise igjen som kystlag ikkje handlar om talet medlemmar, men kva ein får til.
Les meir i papirutgåva vår i dag!