Bokn & Havresekkane er klar til konsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bokn & Havresekkane er klar til konsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Byr opp til lunsj-konsert i morgen

– Me er klar. Håper at kjente og ukjente legg lunsjen til Tysværtunet i morgon.

Det er siste finpuss før fredagens lunsjkonsert i kafeen på Tysværtunet. Stemninga i øvingslokalet er god, og det er ei viss forventning. Bokn & Havresekkane er klar til konsert.
– Dette er stort for oss. Å få spele her blir litt å takke for det gode kulturtilbodet som kulturhuset har gitt oss og familiane våre gjennom mange år. Så me skal gi alt for at dette blir ein flott lunsj, seier bandet som består av: Ola Christian Bårdsen, Dan Jørgen Eide, Øyvind Bokn, Yngve Askeland og Kristian Berg Nessa.
Bandet har spelt konsertar i Haugesund tidlegare og fått god respons.

Perfekt
Vokalist Dan Jørgen Eide har vore gjest på lunsjkonsertane tidlegare og meiner dette er heilt perfekt.
– Eg trur dette er heilt perfekt både for oss og for publikum. Me kjem nok til å spele litt meir akustisk enn til vanleg, men det er berre ei positiv utfordring for oss. Me treng all den sceneerfaring me kan få, og dette tilbodet frå kulturhuset og Bygdebladet er me svært glade for å få, seier Eide.
I tillegg til låtar dei har spelt frå scena før blir det også ein ny song og to.
– Me jobbar heile tida med å utvikle songar og å få eit repertoar. Om ein månad skal me spele ute under Midtsommarfesten. Då skal me ha litt meir trøkk, og må ha låtar til det også. Til nå har me fått mykje positiv respons, og det må me bygge vidare på, seier gjengen som øver i Aksdal.

Sommar
Etter lunsjkonserten med Bokn & Havresekkane er det tid for å kikke fram mot sommaren for alvor. Då låner kyrkja konseptet vårt og skal ha daglege lunsjkonsertar under Midtsommarfesten.
Til hausten har me eit par ledige datoar, så om du speler i band eller vil «låne» scena av oss, er det berre å ta kontakt. Men først blir det fullt band i morgon klokka 11.30. Det gleder me oss til.