Stor dag for oss alle

17. mai er over, og med all muleg respekt for ting skjedde også etteratt Bygdebladet gjekk i trykken, så var det ein flott nasjonaldag me fekk oppleve.

Det er ein dag kor bygd og land får fram det beste i oss. Sjølv dei mest kritiske må gi tapt over denne markeringa, som skil seg ut i ei verd kor slett ikkje alle har noko å feire. I festtalar høyrer me om historia vår, om kor godt me har det, og kor heldige me er som kan feire 17. mai på den måten me ønskjer, nemleg som ein festdag. Der andre land viser fram våpen og styrke, viser me fram det aller sterkaste våpenet som finnest, nemleg glede.

Nå er dette ein nasjonaldag, og heile landet feirar. Over fjernsynsskjermen rullar det bilete frå nord til sør. Men det er også ei feiring av heimplassen vår. Mange reiser heim til akkurat denne feiringa, sjølv om det er midt i eksamensførebuingar og anna. Det å komme til heimbygda, gå i tog, og vise fram gleda betyr mykje for oss nordmenn.

Og det er ein type positiv nasjonalisme me skal hylle. Når talaren tar plass på talarstolen og snakkar varmt om lokalsamfunna, skal me lytte. For det er slik at i omgrepet positiv nasjonalisme tar ein tak i det som er grunnmur i samfunnet. Godskap, samhald, utvikling og tru på ei god framtid.

Når ein som meg er så «heldig» å få jobbe på 17. mai får ein oppleve denne entusiasmen i kvar einaste bygd, og i kvart einaste tog. Når elevane på Grinde skule ropar ut sine skulerop, så er det så inderleg at ein faktisk trur at ingen skule er som den. Eller når mor og far meir eller mindre stolt leverer kake til kafeen på skulen, som ein del av den kjempedugnaden det er på ein slik dag.

Eg trur dette gjer noko med oss og gir eit positivt kick inn mot sommaren.

17. mai er også ein dag eg søker mot våre nye landsmenn, dei som ikkje er vant til barnetog, flagg, bunadar, pølser og is. Eg likar å observere, spesielt ungane, og sjå korleis dei dannar seg bilete av denne dagen. Og det er freistande å tenkje på ungar i alle verdas hjørne. Kor stolte er dei på sin nasjonaldag. Mange er det, og det med god grunn. Likevel må det vere sterke bilete å lagre etter enten å gå i, eller sjå på barnetog i Noreg.
I avisa vår har me bilete frå feiringa, og som ein ser er me ein herleg fargerik og glad gjeng tysværbuar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør