Ein viktig jobb

Ein rektor går av, ein ny skal tilsettast. Det skjer, og det skjer stadig oftare. Av og til er det litt meir komplisert når ein skal vurdere kven som skal styre ein skule.

Slik er det nå. Frakkagjerd ungdomsskole er utan tvil den største og mest utfordrande skulen å styre i vår kommune.
Når Johannes Johannessen nå pakkar saman sine saker er det ein rektortype som Tysvær-skulen aller helst ikkje skulle ha mista. Han har hatt ein måte å drive skulen på som ein i ettertid vil sjå har vore eit langt steg på rett veg mot den type ungdomsskule ein vil ha i framtida. Ikkje alle på personalrommet grin over at hans dagar som rektor er talte, men mange, svært mange har etter kvart lært og sett resultat av hans tenking.
For oss som følger skule tett på frå utsida er det som skjer på og rundt rektorkontoret ofte like viktig som det som skjer i klasseromma. Det er ikkje feil at læraren og elevane har eit fokus også i media, men det er nå ein gong slik at ein rektor heldigvis har ein posisjon til å utvikle den skulen han er sett til å drive.
Johannes Johannesen var ein slik type rektor. Ei støtte for dei som var med på laget, og som ville tenke nytt. I det å utvikle skulen, og seg sjølv. Ei «pain in the ass» for å seie det rett ut, for dei som ikkje tok utfordringa.
Nå får skulen snart ein ny rektor. Ordet ny kan fort bli litt klisjé om skulesjefen går for ein av søkerane som tidlegare, eller nå, har jobba ved skulen. Her er det også mange meiningar for og imot. Det blir ein vanskeleg jobb, for det er ingen av kandidatane, og me kjenner faktisk dei fleste, som skil seg ut som ein soleklar favoritt.
Og då kjem me inn på det som er utfordrande med å styre FUS. Dei neste åra vil det vere eit politisk press på skulen. Det handlar enten om flytting, eller ha ei stor utbygging. Begge deler vil krevje ein rektor som står opp og har meiningar. Det skjer samstundes som rektoren skal takle kvardagen med nye forslag frå departement, mobbing, personale og alle andre utfordringar det er i å lose ungdommar gjennom ungdomsskulen.
Når politikarane går inn i neste valkamp bør det forlengst vere avklart at framtidas ungdomsskule skal ligge på Frakkagjerd. Den nye rektoren må få heilt klare føringar for korleis ein tenker politisk dei neste åra. Vingling vil, og kan, berre føre vondt med seg for ein så viktig skuleleiar som rektoren ved FUS er. Rektoren må vere med i ei sentral rolle når ein skal planlegge ei stor utbygging av FUS, men må samstundes få arbeidsro til å gjere skule- og utviklingsarbeid.
Mitt råd til tilsettingsgruppa er å finne ein ny rektor som tør å ta denne utfordringa, som kan stå oppreist med ein fot på rektorkontoret og ein fot i planleggingskomiteen for ein «ny» ungdomsskule i Tysvær. Det ekskluderer nok mange av dei 11 som har søkt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør