Hele Bøksle kjem til Nedstrand i pinsen og skal holde årets pinsekonsert. Det er noko ho verkeleg gleder seg til.
Foto: Nina Hurum
Hele Bøksle kjem til Nedstrand i pinsen og skal holde årets pinsekonsert. Det er noko ho verkeleg gleder seg til.

Berre få dagar igjen

Ventetida er snart over. Helene Bøksle er på veg til Nedstrand. – Eg har funne fram sommarkjolen og eit knippe med nydelege songar. Eg gleder meg verkeleg til å komme til Nedstrand på søndag.

Det er nærast så ein høyrer sommar når ein snakkar på telefonen med Helene Bøksle. I pinsen kjem ho til kyrkja på Nedstrand og skal ha konsert saman med sin pianist Tove Kragset. Og songfuglen frå Sørlandet er ikkje redd for å garantere.
– Nei, dette skal bli ein konsert som skal få os til å nyte, sjå framover mot sommaren og slappe heilt av. Når eg seier at eg gleder meg til konserten, så gjer eg faktisk det. Eg har funne fram songar som eg likar å synge, og me har også jobba med ein del nytt materiale i det siste, som eg kanskje sleppe ein del av under konserten. Litt overraskingar må det vere, ler Bøksle.

Suksess
I år er det altså ein av Norges aller største stemmer som skal fylle Nedstrand kyrkje under pinsekonserten. Bøksle er ein folkekjær artist som dei siste åra har hausta strålande kritikkar for sine konsertar. Mange av konsertane hennar har vore utselde over heile landet.
– Det som er litt spesielt denne veka er at eg har sleppe ein ny versjon av klassikaren «Fagert er landet» den 8. mai. Det er i anledning frigjeringsdagen som eg meiner det er viktig å markere. Eg trur også det er viktig at me hugsar på desse gamle songane som har betydd så mykje i generasjonar. I tillegg er dei jo så nydelege, seier Bøksle.
– Kva type konsert er det ein vil få på Nedstrand?
– Det er ei blanding av det finaste eg har. Alt frå folketonar til meir moderne songar. Saman med Tove har me funne fram songar og musikk som gjer at ein kan sitte i ro og bare nyte.
– Me snakka om sommar i starten. Kva tenker du om det?
– Eg veit me skal til ei idyllisk kyrkje på ein fin stad, der det vil vere naturleg å ha eit slikt positivt fokus. Sommar og musikk høyrer godt saman, og lukkar ein augo og bare lyttar vil ein nok få den rette sommarkjensla. Det kan eg garantere.
– Uansett vêr?
– Det kjem til å bli flott vêr. Eg har funne fram den finaste sommarkjolen, seier Bøksle.

Det er ei blanding av det finaste eg har.

Elskar kyrkjerommet
– Du har vore med og sunge saman med store orkester og band i store konsertsalar. Kva tenker du om eit piano og eit kyrkjerom?
– Eg elskar kyrkjerommet som konsertsal. Det er noko magisk med det å sitte i benkeradene og lytte. Det likte eg sjølv, og det merkar eg også at mine lyttarar gjer. Kanskje ein blir litt meir ukonsentrert om ein sit i eit stort og glansa konserthus. I kyrkja har andre referansar, der musikken speler ei rolle. Det å kunne sitte der med augo lukka, lytte og nyte det ser eg på som balsam for sjela. Og det treng me. Faktisk treng me mykje av det.
– Kven er dette for, og kva vil du kalle ein slik konsert?
– Det er for alle. Dette er musikk som mange nok vil kjenne igjen og nikke til. Me har gjort våre versjonar av det med mi stemme og eit piano. Det blir nært og det blir på vår måte. Kva eg vil kalle det? Det må bli pusterom. Ja, det er eit godt namn, seier Helene Bøksle.
– Eg vil at folk skal ha ei god stund, og eg har høyrt det har vore slike konsertar der før. Eg trur dette blir viktigare og viktigare. Tenk å sette seg inn i ei kyrkje kor sorg og gleder går hand i han heile året. Lytte til musikk og la skuldrene senke seg. Det er både balsam og meditasjon på ein gong. Eg lover, ja eg gjer faktisk det, at eg skal gjere mitt aller beste også denne kvelden.

Ny plate
Bøksle som kjem frå Mandal har ei lang og spennande karriere bak seg allereie. Duettar med mellom anna Kurt Nilsen har gitt henne eit namn på artisthimmelen her heime. Til og med rolla som Sunniva i Kapteins Sabeltann framsyninga har ho vore innom. Nå handlar det mest om sommarturneen «Ved havet», og den nye plata.
– Eg har hatt det litt travlet i vinter og vår på grunn av den nye plata. Nå gleder me oss til å sleppe den, dra på turné og å treffe mennesker. Eg liker den biten av jobben min, og ønsker sjølvsagt at me fyller kyrkja på Nedstrand også. Eg gleder meg som sagt til dette, og er glad for at eg har fått denne mulegheita. Me snakkast på konsert, avsluttar alltid like blide Helene Bøksle.