Kva me vel å gjere blir nå for det meste opp til kvar enkelt, men det er ein ting som går igjen, spesielt om våren, og ekstra mykje i mai. Brot på heilagdagsfreden.
Kva har ein lov til å gjere på desse raude dagane? Det er eit spørsmål som fleire har kontakta oss og spurt om. I bakgrunnen høyrer ein lyden av ein gravemaskin, ei sag eller ein høgtrykkspylar.
Lova seier: «For å verne om det gudstenestelige liv og den alminnelige fred på heilagdagar og for å gi høgtidene ro og verdighet, skal det være helgedagsfred i samsvar med reglane i denne lova».
Det er unntak frå dette når det gjeld ei rekkje tenester, men privatpersonar som driv med «støyande» arbeid er ikkje inkludert i unntaka.
Det er ikkje lett dette. Når naboen riggar seg til med motorsaga akkurat i det du har funne fram ei bok og skal slappe av i solveggen, den eine dagen du har fri i veka. Han har også berre denne eine fridagen, og har arbeid å gjere. Slikt kan sette godt naboskap på alvorleg prøve.
I år er det blitt rapportert inn rekordmange brot på lova. Politiet prioriterer ikkje dette høgt, men tar ein telefon til dei som blir meldt inn, og så blir dei aller fleste sakene avslutta der og då.
Likevel er det dei som ikkje bryr seg, som gjentatt ikkje viser respekt verken for lova, for naboar eller andre som blir utsett for både støy og anna.
Og det er alltid eit spørsmål om kor mykje, og kor langt, ein skal strekke seg. Vil ein ofre naboskap? Skal ein våge å ta debatten over ein hylande høgtrykkspylar? Skal ein verkeleg måtte ringe politiet og melde nokon ein dagleg omgås med?
Dette er ein uting som ein kan vere for eller imot. Det er berre å oppfordre til å vise omsyn. Nå minkar det på dei raude dagane for i år, og dei fleste hus og båtar er spylte. Forhåpentlegvis kan ein bygge opp eit godt naboskap i god tid før neste vår. Og hugs, det er rett og slett ikkje lov. Straffa er bøter, og ja det er dei som har fått.
Ha ein fin pinse alle saman, og hugs at måndag er ein raud dag.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør