For to år sidan inviterte Bygdeutvalet og Bygdemuseet i Nedstrand til konsert med operasangar Ole Morten Velde frå Karmøy. Det blei ein braksuksess med over 80 tilhøyrerar som fylte det vesle lokalet, og på trass av ein småforkjølt Velde, blei det ein konsert dei som var til stades seint gløymer. Det vakre og intime lokalet med tollbua frå 1600-talet og dei vakre sangane i ei inspirert framføring skapte ei heilt spesiell stemning, sier Arne Myskja.
– Når vi i år har invitert Ole Morten tilbake, har han valt å ta med seg pianisten Hans Petter Tangen. Når dei 80 heldige som får plass inne benkar seg, vil dei får høyre kjende opera-arier, italienske serenader, norske svisker og sikkert noko anna også som Ole Morten og Hans Petter har på lur, sier arrangøren på Nedstrand.
Og om du ikkje får ein av dei 80 plassane inne, kan du jo ta med deg fluktstolen og benke deg utanfor.
Ny Tollbu-konsert
Nedstrand gjentar suksessen. Det blir ny Tollbu-konsert med klassiske perler.