Samstundes starten på ei lys framtid for nokre av dei som treng det mest blant oss.
Slike milepælar er vanskelege. Det var dei som framleis langt der inne i hjarta håpa at ein dag kunne det bli nytt liv på Stegaberg skule. Kanskje ein grendeskule, privatskule, eller eit eller anna som skulle bringe skuletradisjonen vidare. Det var som ei kvinne sa til meg etter nedbrenninga; – Den var alt for god til å brennast.
Men nå er det historie, lik det eller ikkje. Nå er det nye tider og Tysvær kommune gjer alvor av sine planar om å bygge omsorgsbustadar til sine «svakaste» innbyggjarar. På Stølsberg i Aksdal, og på Stegaberg. Går alt etter planen kan dei første kanskje flytte inn tidleg i 2019. Det er ikkje lenge til.
For dei som har jobba for dette i årevis var nedbrenninga av skulen heilt motsett av det den var for dei som bur der. Det var eit startskott etter årevis med kamp. Kamp om ressursar, men også ein kamp om å gi dei nye brukerane eit tilbod verdig samtida. Brukerane kan ikkje slåss for si sak, det har vore ein tøff jobb for føresette, tilsette og politikarar i kommunen. Og det er slett ingen enkel kamp som nå er vunnen.
Nå er det ingen, verken på Stegaberg eller andre stadar i kommunen, som kjem til å finne fram gamle protestplakatar over at ein går vidare. Samstundes skal ein ha forståing for at det «gamle» blir verdsatt. Stegaberg skule var ein kampsak, som samla bygda for snart ti år sidan. Så kan ein seie at det er to kampar som møtest, der ein får håpe at det nye tilbodet i framtida får den same støtta i bygda.
Å starte omsorgsutbygginga er ei prioritert sak i Tysvær. Forventningane er store og det er eit godt politisk- og administrativt arbeid som ligg i botn for prosjekta til fleire titals millionar kroner. Ein kan seie mykje om politikarane i Tysvær, men ein ting skal dei ha. Når dei først drar i same retning drar dei både med kraft og fart som på mange måtar er imponerande. Det er lokalpolitikk på det beste.
Samstundes som ein nå startar utbygginga så er det fleire store oppgåver som ligg og ventar innan helse og omsorg. Dette er utpeikt som store kommunale oppdrag, som vil vere ei utfordring i Noreg i lang-lang tid.
Rådet er at ein nå brukar erfaringar frå den prosessen som har vore, inn i eventuelt nye rundar. Det handlar på den eine sida om å forvalte våre økonomiske ressursar på best muleg måte, samstundes som ein handsamar grupper av oss som treng oppfølging, og tilbod det er vanskeleg å sette seg inn i. Det betyr at Tysvær også i framtida treng all fagleg kompetanse som er muleg å få tak i, samstundes som det er eit krav til alle som vil vere lokalpolitikar å vere oppdatert.
Det er ikkje lett, men heldigvis får me gode opplevingar som starten av bustadbygginga me nå ser.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør