«Rushusenes pris». Kva hus er dette? Er dei annleis enn andre hus som menneske bur i? Me bur alle i hus, me som bur i husa har vår bagasje, har våre plager, har ting som kan vera vanskelege. Når Lid- Austerheim skriv på vegne av «skulebarn, turgåarar, fotgjengarar, turgåarar og mosjonistar», ja då må i alle fall eg seie i frå for eigen del! Eg er ikkje samd med deg! Eg både går, syklar og kanskje og av og til mosjonerer forbi og rundt Aksdalsvatnet, der omsorgsbustadane skal komme. Men eg går også forbi mange andre hus, og mange andre leiligheiter i løpet av veka. Ikkje spør eg kva dei som bur i husa har på skiva, kva dei evt. slit med, om dei rusar seg, eller om dei har vondt i nakken eller andre stadar for den saksskyld.
Lid-Austerheim har fått høve til å seie i frå, fått høve til å uttale seg, fått høve til å komme med si meining. Slik skal det vera, slik må det vera. Men Lid-Austerheim må også forstå at demokratiet er slik at når ting er vedtatt så er det vedtatt. I alle høve er det slik for alle oss andre.
Slik var det også den gongen Lid-Austerheim var ofte på gruppemøta i dei politiske partia, då han ville omregulere hytta si ved Aksdalsvatnet til hus. Det gjekk gjennom, til tross for at mosjonistar, turgåarar, skulebarn og sikkert mange andre måtte gå forbi enno eit hus.
I kommunen vår er det mange som treng hus – alle har me rett på eit hus. Om huset ligg ved Aksdalsvatnet, i Aksdal sentrum, på Slåttevik, Frakkagjerd eller ein annan stad i kommunen – ja, så er me alle tysværbuar. Alle nemnde stadar kan det kjørast bil, alle stadar kan lys skrus av og på, slik at det anten er uoversikteleg eller det skapar oversikt.
La oss halde fast på at me skal ha eit tysværsamfunn som har plass til alle og der alle får bu i hus utan at me skal spørje etter kva som er eins lyte, kva sjukdom ein har eller kva ein måtte slite med.
Så er det slik at kanskje kjem ikkje omsorgsbustadane ved Aksdalvatnet. Husbanken gir ikkje tilskot til mellombels plassering i berre 4 år. Hadde me frå politisk hald støtta administrasjonen, ville både dei som skal bu i desse husa og familiane deira fått forutsigbarheit.
Nei – la oss slutte med å dele folk inn etter sjukdom! La oss stå saman opp slik at det er plass til alle.
Sigmund Lier, ordførar