Slusedagen 2017 trakk hundrevis av folk. Båten Hilding var på plass for å gå gjennom slusene. Foto: Ingvild R. Myklebust
Slusedagen 2017 trakk hundrevis av folk. Båten Hilding var på plass for å gå gjennom slusene. Foto: Ingvild R. Myklebust

Feststemning ved slusene

Dei regntunge skyene lot sola kikke gjennom, og slusedagen i Skjoldastraumen blei ein skikkeleg midtsommarfest.

Slusedagen trekk folk frå fjern og nær. Både vaksne og barn kan kose seg med kjekke aktivitetar, salsboder, god mat og underhaldning.

Daniel Søvik og Magnus Vaglid fekk seg ein tur på fjorden med Elias Yrkjefjord. Det synest dei var stas.

Båten Hilding var på plass for å gå gjennom slusa, og Elias Yrkjefjord tok med seg barn på båttur. MC Klubben Hogg køyrde kortesje, og Femfemte spelte fengande musikk til stor glede for publikum.


Anna Lilleskog, Solvor Håland og Line Kalleklev leika med heliumballongar dei har fått på slusedagen.


Sjå og les meir frå slusedagen i papiravisa på torsdag.