Fleire meldingar om jordskjelv

Me har søndag fått melding om at det er opplevd jordskjelv i Tysvær.

På Norsk nasjonalt seismisk nettverk sine nettsider kan ein registrere om ein opplever skjelv, og på deira nettsider har fleire meldt om at dei opplevde skjelvingar søndag rett før klokka 14. Det er meldt i frå om følt jordskjelv i Haugesund, Førresfjorden, Førre, Leirvik-Stord, Sveio og Mesterhamn.

Jordskjelvekspert og professor ved Universitetet i Bergen, Lars Ottemöller, bekrefter til Haugesunds Avis at det var eit jordskjelv på Haugalandet klokka 13.55. Episenteret skal ha vore i nærleiken av Skjold i Vindafjord. Skjelvet blei målt til 2,7 på Richters skala. Det er altså snakk om eit lite skjelv.