Det vart ein svært våt 3. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross i helga. Lørdag var det litt opplett i periodar, men søndag var det stort sett jamt regn. Det vart likevel ein jamn og spennande konkurranse utan store uhell på det glatte føret.
I klassen over 2400 ccm vann Lars Reidar Frøyland, NMK Vikedal, sin tredje runde i Vestlandsmesterskapet på rad. Han har ei god leiing på Karoline Breivik, NMK Bergen, som vart nr. 2 og som og har andreplassen samanlagt. Håvard Helland, NMK Vikedal, fekk tekniske problemer i sitt comeback i nest siste omgong og kom ikkje til start i finalen.
Robin T. Bratten, NMK Bergen, var best etter dei seks innleiande omgongane i ein BMW, og det var ingen som klarte å slå han i finalen heller. Dermed rykka han opp på andreplass i samandraget i Vestlandmesterskapet, 5 poeng bak Aleksander Stokke, NMK Bergen, som tok fjerdeplass denne helga. Nærmast Bratten kom Kristian Breivik Gjøen, NMK Bergen, og Thomas Hundseid Eikeland, NMK Vikedal. Dette løpet var kvalifisering til Landsfinalane for bilcross, og i juniorklassen vart fem NMK Vikedal-førerar kvalifisert til Landsfinalen på Hamar den 5. august. Det var Thomas Hundseid Eikeland (nr. 3), Ailin Vik (nr. 5), Mikal Byrkjedal Finnvik (nr. 6), Leiv Vidar Rønnevik (nr. 7) og Cruys Magnus (nr. 8).
I bilcross seniorklassen var det Sølve Østbø, NMK Vikedal, som var best etter dei innleiande omgongane i sin VW Golf. I A-finalen tok han starten og drog sakte i fråd ei andre, og seieren var aldri trua. Nærmast kom Joakim Rønnevik, NMK Vikedal, i sitt comeback etter nokre år som mekanikar. Tredjeplass gjekk til Stefan Evensen, NMK Bergen. Sondre Hundseid Eikeland tok fjerdeplassen. I seniorklassen er det dei seks beste som blir kvalifisert, så her blir Sølve Østbø, Joakim Rønnevik og Sondre Hundseid Eikeland NMK Vikedal sine representantar på Landsfinalen på Momarken i slutten av august.
Samanlagt i Vestlandsmesterskapet leiar fortsatt Anders Myking, NMK Bergen, med 52 poeng, framfor Stefan Evensen, NMK Bergen, med 49 poeng og Sondre Hundseid Eikeland, NMK Vikedal, med 45 poeng. Sølve Østbø ligg på sjetteplass med 34 poeng.
Ørjan Lutsi, NMK Jørpeland, vann rallycross inntil 2400 ccm, men Anders Lint Moland, NMK Vikedal, haldt godt følgje i finalen og sikra seg andreplassen. Bård Nilsen tok tredjeplassen, men leiar fortsatt Vestlandsmesterskapet med 49 poeng. Anders Lint Moland er rett bak med 45, medan Ørjan Lutsi har 41 poeng.
Frøyland til topps
Det vart ein svært våt 3. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross i helga. I klassen over 2400 ccm vann Lars Reidar Frøyland, NMK Vikedal, sin tredje runde i Vestlandsmesterskapet på rad. Han har ei god leiing på Karoline Breivik, NMK Bergen, som vart nr. 2 og som og har andreplassen samanlagt.