Førre veke blei det kjent at Håvard Nordtveit sin overgang frå West Ham til Hoffenheim (20.juni) gir pengar til tre lokale fotballklubbar; Vats 94, Skjold og FKH. Kvar klubb får i følgje Haugesunds Avis omlag 425.000 kroner kvar, ettersom salsummen for Nordtveit er på mellom åtte og ti millionar euro. Det betyr mellom 76 og 95 millionar norske kroner.
Midlane som desse lokale klubbane får er såkalla solidaritetsmidlar. Når ein spelar skiftar klubb skal fem prosent gå til dei klubbane som har bidratt til utviklinga av spelaren.
– Om ein tar utgangspunkt i at Nordtveit sin overgangssum var 85 millionar kroner, så skal fem prosent gå til solidaritetsmidlar. Det vil seie 4,25 millionar kroner. 70 prosent av går til Arsenal og Borussia Mönchengladbach. Og Vats 94, Skjold og FKH skal altså ha ti prosent kvar av di 4,25 millionane. I vårt reknestykke gir det dei 425.000 kroner kvar, oppsummerer Haugesunds Avis.
Det er Hoffenheim som har ansvar for å betale ut solidaritetsmidlane.
– Dette er veldig kjekt. Me kjem antakeleg til å bruke pengane til å betale ned lån, seier dagleg leiar i Skjold IL, Henriette Goksøyr til Avisa.