Tre danskar mista lappen i kontroll

Tre danskar mista førarkorta då dei passerte ein laserkontroll i 117 km/t i 70-sona søndag ettermiddag. Dei tre var på veg for å ta ferja til Stavanger då dei blei stoppa.

Heile 13 forenkla forelegg blei skrive ut av politiet under kontrollen.
Danskane som blei stoppa og mista lappen, var på veg heim og fekk tillating av politiet til å reise heim.
– Det vil bli sendt en reaksjon fra den norske retten, og derfra vil det danske rettssystemet ta seg av det, seier operasjonsleder hos politien, André Skram Hansen til Haugesunds Avis.