Hunden ser ut som ein Flatcoated retriver, men har ei hvit stripe frå brystet og ned, som tyder på at han kanskje er blanda med Border collie.
Hunden ser ut som ein Flatcoated retriver, men har ei hvit stripe frå brystet og ned, som tyder på at han kanskje er blanda med Border collie.

Veit du kven som eig denne hunden?

Ein hannhund som ser ut til å vere blanding av retriver og Border collie blei funnen vandrande på Nesvegen i Skjoldastraumen 13.juli. Eigaren av hunden har framleis ikkje meldt seg, og no ber politiet publikum om hjelp.

Veit du kven som eig denne hunden? I såfall ber Tysvær lensmannskontor deg kontakte dei på telefon: 52 754800, eller politiet på 02800.

– Hunden skulle eigentleg vore avliva, det er prosedyre når eigaren ikkje har meldt seg innan ei veke, men no har me i staden plassert han på Tunge hundepensjonat, og håper at eigaren melder seg så fort som mogleg. Skjer ikkje det, så vil me også forsøke å få han omplassert. I såfall vil den som kjøper han berre behøve å dekke opphaldskostnadane ved pensjonatet. Hunden slepp dei å betale for, opplyser betjent Atle Thorbjørnsen.