Han hadde høyrt om det før, men då Bjørn Apeland drog fram det eine nyutvikla produktet etter det andre, var det ein tydeleg glad minister som nærast jubla over det han såg. Grunnen? Kampen mot lakselusa.
– Eg trur eg drøymer om lus om natta, og når eg kjem til ei verksemd som dette, som tar teknologien i bruk for å stoppe lusa, ja då blir eg først imponert, men også svært optimistisk til næringa si framtid. For det første er dette komme så langt at ein allereie ser positive resultat av både fôringsmetodar, overvaking og lusedreping. At eit norsk selskap, som er etablert i heile verda, ligg så langt framme skal ein vere stolt over. Nei, dette var ein skikkeleg kjekk ettermiddag i Tysvær, smiler Sandberg.
Les heile saka i papirutgåva