På Haugalandet har me i dag det som må kallast eit godt tilbod gjennom ein styrke som kan rykke ut og forsvare både viktig infrastruktur, og vere aktive i redningsaksjonar og større sivile utfordringar som for eksempel skogbrannar. Me er blitt vant til at dette tilbodet (les tryggleiken) er der. Me har sett dei i aksjon, og me har tatt det som ei sjølvfølge at dei også vil vere der i framtida.
Men nå ropar dei ut eit varsko. Dei pålagte kutta frå regjeringa raserar det tilbodet og den bemanninga me har i dag. I følgje representantar for det lokale heimevernet kan styrken i ytste konsekvens ende opp med 25 personar. Med andre ord ingenting. Det er ikkje ein gong nok til å ta vare på materiellet dei har.
Mange vil nok tenke på Kårstø-anlegget når ein tenker forsvar av nasjonale interesser på Haugalandet. Vel, i følgje dei same kjeldene så skal Statoil og Gassco nå ta seg av dette sikringsarbeidet sjølve. Me har flyplass, Karmsund Hamn, Hydro og andre sentrale næringsområde og knutepunkt, som også vil kunne vere mål for mellom anna terror. Omstruktureringa i Forsvaret er omfattande og ekspertane er svært ueinige i om det «nye» nasjonale forsvaret er skikka til å gjere den jobben ein ønskjer at dei skal gjere. For det er ingen som undrast på kvifor dette skjer. Det er for å spare pengar.
Heimevernet er det billigaste tilbodet ein har i det norske forsvaret. Innteninga på nedleggingar og redusering i styrken vil gi små økonomiske gevinstar. Mange ungdommar har meldt seg og står klare til å tenestegjere. Heimevernet i sør kan også nyttast i nord, om ein skulle måtte forsvare seg der. Det er inne i forsvarssystemet vårt allereie og inga hemmelegheit.
Ei anna side ved heimevernet er den ressursen det er i lokalsamfunnet. Når det er ein leiteaksjon, ein større brann eller anna kor politiet har brukt for personell som er drilla og kan utføre slike oppdrag.
Det må vere lov, sjølv i ein valkamp, å stille spørsmålet om kva som er alternativet. Når ein les seg opp på dette sit ein att med fleire nye spørsmål, enn svar.
Slik skapar ikkje berre frustrasjon for dei som er i HV-systemet. Det bør også uroe vanleg folk som meg og deg.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør