Den nye leidningen bør gå til Karmøy frå anten Sauda eller Matre.
Den nye leidningen bør gå til Karmøy frå anten Sauda eller Matre.

Ny kraftleidning til Haugalandet

Statnett har meldt frå til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om at dei startar planleggjinga av ein ny kraftleidning til ut til Karmøy. Bakgrunnen er at fleire store industriprosjekt kan føre til ei kraftig auke i straumforbruket på Haugalandet.

Den nye leidningen bør gå til Karmøy frå anten Sauda eller Matre, og den vil koste opp mot 1,4 milliardar kroner, kom det fram på eit møte i Haugesund i dag. Eit dokument om saka blir no send på høyring i kommunane og til ulike organisasjonar.
Haugalandet er eit underskotsområde når det gjeld kraft, med mykje industri, lite kraftproduksjon og liten nettkapasitet. Rundt 70 prosent av forbruket er industriforbruk som er stabilt høgt over døgnet og året, og som er sårbart for straumavbrot. Det er no fleire store planar om å auke industriforbruket på Haugalandet i løpet av relativt få år, som kan gi dårlegare forsyningstryggleik i området. Om alle optimistiske planer slår til, kan forbruket bli meir enn fordobla frå i dag.
Statnett har tidlegare gjort ei konseptvalutgreiing (KVU) av moglege alternativ for å løyse behovet, der ein ny leidning frå aust stod fram som det beste konseptet. Denne utgreiinga vart handsama i Olje- og energidepartementet (OED), og Statnett fekk for eit år sidan klarsignal til å gå vidare med planleggjing av ein ny leidning.
Meldinga som no blir send på høyring viser fleire alternative kraftleidningstraséar mot Håvik på Karmøy, frå to moglege utgangspunkt;
– Blåfalli koblingsstasjon inst i Matrefjorden i Kvinnherad kommune
– Sauda transformatorstasjon i Sauda kommune

Dei kommunane som dermed kan bli påverka av utbyggjinga, er Kvinnherad eller Sauda, samt kommunane Etne, Vindafjord, Tysvær, Haugesund og Karmøy.
Etter at saka har vore på høyring, vil Statnett arbeida vidare med planene på grunnlag av dei merknadane som kjem inn. I tillegg vil det bli utarbeidd ei rekkje konsekvensutgreiingar for å kartleggje verknadane av utbyggjinga.
Statnett opplyser at ein ny leidning kan bli bygd ein gong etter 2020. Men det vil, ikkje bli tatt endeleg standpunkt til den nye leidningen før ein veit om industriplanene slår til. Dersom kraftforbruket i industrien ikkje vil auke så mykje som det ser ut til, kan planene om den nye leidningen bli lagt til side.