Den farlege skulevegen

I dag er dei der igjen. Ungane på veg til og frå skulen. Med dei nye skulesekkane sine eller slitne gymbagane.

På veg til skulestart langs vegstrekningar som både er trygge og farlege. For ein ting er sikkert med Tysvær. Vegstandarden vår er frå topp til botn, spesielt der det går ungar.
Me har sykkelvegar som i utgangspunktet er så skjerma og trygge at sjølv dei minste trygt kan sendast i veg. Men me har også det motsette. Det er strekningar, som må kallast skuleveg, som er så smale og vanskelege å ta seg fram på at der kan ein ikkje sende nokon av garde.
Det er bil mot ungar som er marerittet. Me har denne veka vore i Skjoldastraumen og sett på eit av tiltaka dei har gjort der. Eit fartsmålarskilt er satt opp på ei strekning der det verken er gul stripe i midten eller sykkelveg. Det har ikkje vore alvorlege ulykker knytt til skuleungar der tidlegare, men absolutt ei strekning kor dei føresette neppe slepp småskuleelevar av garde. Slike skilt har vist seg å ha ein effekt.
Det som er godt å registrere er at kommunen faktisk tar tak i meldingar frå bekymra føresette. Når kommunelegen og representantar frå teknisk og UP møter opp, så er ikkje det berre for å få skryt. Det er også for å vise at dei gjer ein jobb når det gjeld trafikksikring. Dei kan ikkje love sykkelvegar, men dei kan love at dei tar meldingar om uønskt åtferd i trafikken på alvor. Det er eit langt steg i rett retning.
Når det gjeld skulevegen er det inga tvil om at dei vaksne har eit særskilt tungt ansvar hengande over seg i det dei startar bilen. Enten for kjøre ungar til skulen, eller som forbipasserande. Ungar langs vegen bør automatisk føre foten over på bremsa og farten må ned. Ingen i småskulen er i utgangspunktet «skikka» til å ferdast langs vegen. Ser dei noko kjekt på den andre sida av vegen, er det kort tid frå observasjon til handling. Dei ser heller ikkje den faren som syklar i stor fart, – og bilar er. Difor er det dei med hjul som må vise ansvar.
Fart er ein ting, sikring av ungar i bilen noko anna. Me les stadig om politi som stoppar fullstappa bilar på veg til skulen. Ingen har belte, og det er for mange i bilen. Ingen gjer dette for å vere «stygge» mot ungane, men i ei ulukke er det nettopp det dei er. Det er ikkje lause truslar å melde at politiet også i år kjem til å vise nærvær ved skulane. Og dei slår knallhardt ned på fart, og passasjerar som ikkje er sikra i bilen.
Å ferdast langs skulevegar er noko ein må lære seg, og det er ei læring som følgjer deg lengre enn tida ein går på skulen.
Lykke til alle saman, og godt skuleår til alle som i dag har pakka ranselen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør