Eivind Eskevik og Nedstrand leder 4-0 til pause. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Eivind Eskevik og Nedstrand tapte 3-1 mot Karmsund laurdag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Karmsund blei for sterke

Nedstrand besøkte Karmsund på Sakkestadbanen i går, laurdag. Det blei ein spennande kamp som enda 3-1 til heimelaget.

Karmsund var farlege frå første sekund, og sette inn 1-0 tidleg i første omgang.
Jonas Helle scora for Nedstrand omlag 20 minutt ut i kampen, og det stod 1-1 til pause.
Tidleg i andre omgang set Karmsund inn 2-1. Nedstrand pressa på, men greidde ikkje å stoppe Karmsund som til slutt vann 3-1.

Karmsund BK markerte sitt 10-årsjubileum laurdag, og fekk nok ekstra stor grunn til å feire med siger på heimebane.