På Nedstrandstunet koste dei seg med sild av ymse slag. Foto: Ingvild R. Myklebust
På Nedstrandstunet koste dei seg med sild av ymse slag. Foto: Ingvild R. Myklebust

Suksess med sildebord

Laurdag var det sildebord både på Nedstrandstunet, Tysværtunet, Aksdaltunet og i Bestestova. Det slo an.

På menyen stod rømmesild, sennepssild, tomatsild, sursild, røykt sild, sildesalat, sildekaker, potet og brød.

På Nedstrand var det 45 påmeldte, og god stemning. Praten gjekk i Hagaståvå, og silda såg ut til å falle i smak.
På Tysværtunet var det 55 påmeldte.

– Meisterlauget ønsker å tilby sildebord til folka der dei er. Med hjelp frå frivillige får dei kjørt ut mat til alders- og sjukeheimar i Sveio, Karmøy, Tysvær og Bokn, fortalde aktivitetskoordinator på Tysværtunet, Tove Rullestad tidlegare i sommar.

Bordet var dekka med med mykje godt. Foto: Tordis Førland

Heilt frå midten av 1500-talet har silda strauma til vårt distrikt. Det kom særleg store mengder til Karmsundet. Då ein gjekk inn i 1900-talet var sildefisket ein stor gesjeft, og næringa blei stadig modernisert, med nye fangsmetodar og motoriserte fartøy – som også kunne drive havfiske.
I krigsåra blei omtrent halvparten av silda fanga i Rogaland. Så mykje sild fiska ein at næringa opplevde eit stort tilbakesteg på 60-talet. På 70-talet måtte det regulering og fiskeforbod til, for å få opp bestanden igjen. På 80-talet blei det igjen lov å fiske større mengder sild, og kvotene auka.
I dag er ikkje sild like vanleg på middagsbordet lengre, men mange bruker det til pålegg, og ekspertane meiner nordmenn burde ete meir sild – både av næringsmessige og kulturelle omsyn.