Gode dagar for nettrolla

Det kan vere svært så freistande å bli eit nettroll. Å sitte trygt og godt bak datamaskina eller mobilen og kommentere saker ein berre observerer i farten.

Det kan vere storpolitikk, fotball, doping eller svart arbeid.
Korleis kjendisar ser ut eller anna viktige ting.
Nå er det gode tider for nettrolla. På ein måte er det litt sjarmerande å observere deira tafatte og sjølvpåtatte posisjon i debattane. Dei kjem med sine meir eller mindre useriøse stikk der andre kommenterer seriøst. Dei er ikkje så nøye med fakta og dei har fordommar, ekte eller ikkje, som er så langt frå normalen at det er vanskeleg å ta dei på alvor.
Men det er ikkje alle som kan velje vekk å ta dette på alvor. Knivseggen mellom ironi, vitsing og ramme alvor i grenselandet til mobbing er vanskeleg å balansere på. Og det har ein tendens til å komme ut av kontroll.
At fotballfolket kan sitte på nettet og «rape» (unnskyld uttrykket) av seg usaklegheiter om Therese Johaug og dopa norsk langrenn, berre fordi fotballfans er oppdratt til å hate alt som ikkje har offside og ball, er sjølvsagt litt underhaldande til eit visst punkt. Det er litt sånn Pondus humor. Men det er her nettrolla tar det vidare. Blir personlege og ikkje klarar å stoppe i tide. Dei går frå å vere «litt» morosame til å bli ekle. Til å bli trugande og sette ein debatt som garantert tar av og utviklar seg langt frå tema. Å vere for eller i mot Johaug må vere lov, men når ein les debattar på nett, blir ein skremt.
Det same skjer i valkampen. Debatten på fjernsynet er ingenting i forhold til debatten på nett. Der er dialekter, utsjåande, gamle lik i skapet og provoserande argument for og mot innvandring tunge element i diskusjonen om kven som er best skikka til å leie landet.
Det er grenser det handlar om. Terskelen for å hive seg ut i debatten. Evna til å sjå og vurdere når innlegg er lagt ut berre for å provosere.
Når ein spøker med at det hadde vore til det beste for alle om kjente folk hadde vore daude, eller at ein dommar i noko så uviktig som fotball burde gå å henge seg, så bør det ringe varselklokker. Tar ein vekk alle dei som heng seg på slike ting i kommentarfelta berre for «gøy», så sit ein att med kjernen av nettrolla. Dei toler ikkje dagslys og berre ventar på at du og eg skal kaste oss inn i ein meiningslaus debatt. Bli med på mobbing og truslar.
Skal me bli kvitt dei, må me begynne med oss sjølve.
I ei tid kor det openbart ligg til rette for nettmobbing, må kampen takast. Sjølv om det kanskje ikkje er så kult å seie at ein kjempar mot nettmobbing, når det er så mykje lettare å gøyme seg bak eit nickname på nett og gjere det motsette.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktø
r