Dei siste fire åra har kommunane i Rogaland nytta mykje tid og krefter på kommunereforma. Folket ville ikkje ha desse gigantkommunane og sa nei.
Då saka vart handsama i Stortinget var både Bent Høie og Jan Tore Sanner klare på at kommunereforma held fram etter valet. Det betyr meir byråkrati, fleire intensjonsavtaler på glansa papir og meir tvang.
No i valkampen vil Frp, H, Krf og V knapt nemne kommunesamanslåing. Eg er overtydd på at når valet er over så vil dei finne fram planane om samanslåing om dei vinn valet.
På Haugalandet var det ein omfattande prosess som enda i ingenting. Desse prosessane kosta millionar av kroner og enda i ingenting. No vil dei på an igjen.
Senterpartiet vil respektere folket sin motstand mot kommunesamanslåing, fordi me ikkje trur på byråkrati, store einingar og lange avstandar. Me seier ja til tenester nær folk og nei til bruk av truslar, press, tvang og økonomiske sanksjonar for å tvinga fram kommunar som ingen vil ha.
Geir Pollestad
Stortingsrepresentant og 1. kandidat Rogaland Senterpartiet