Etter at den nye vegbanen blei tatt i bruk og skråningane blei rydda steig det nye krysset fram i all sin prakt. Veg kan vere fint. Kryss kan gjerast trafikksikre. «Yes we can».
E39 er ei pulserande åre i Tysvær, ein strekning som knyter sør- og nord-fylket saman. Men som også er ei ferdselsåre for svært mange tysværbuar kvar einaste dag. Når noko positivt skjer på strekningen frå Bokn til Våg blir det applaudert. Det skaper ei forståing for bruken av vegmidlane i Noreg, som er høge, men ikkje høge nok.
At ein næringspark i sterk vekst får seg eit trafikksikkert og meir brukarvenleg kryss er heilt på sin plass. Samstundes har ein fått oppgradert og fjerna eit livsfarleg kryss. Me har hatt eit par slike oppgraderingar dei siste åra, i Førre og på Susort. Nå ventar Aksdal og Slåttevik.
Og det er på Slåttevik det nå må svi litt.
Sist helg var eg på besøk i bygda. Hundrevis av syklistar kjempa seg rundt i naturen og hadde ein flott dag på Troppene og i marka rundt. Kvar einaste dag er det hundrevis av ungar i dette området som enten går, syklar eller blir kjørt til aktivitetar i det same området. Like ved krysset på E39 ligg idrettsanlegget, fleire bustadområde, samfunnshuset og ein del næringsverksemder. Det er også dyrka mark i nærområdet, noko som garantert gjer at ein del landbruksmaskinar må passere.
Dette krysset er ei dødsfelle. Det er nesten uunngåeleg. Dagen kjem, og den kan komme når som helst. Auka aktivitet i området er ein av faktorane. Krysset kan på mange måtar samanliknast med Eikeskogkrysset og spisse tunger meiner at Eikeskogkrysset blei prioritert fordi næringstransport er viktigare enn transport av ungar.
Eg trur ikkje det, men trur at kampen som lokalpolitikarane har for å få eit nytt toplankryss på Slåttevik må spissast mykje meir enn i dag. Å juble over at fartsgrensa er sett ned til 70 frå 80 er så feil at det er pinleg. Det betyr berre at krysset er så farleg at det ikkje går ann å kjøre der i den farten som bilistane gjer.
Om 11 dagar startar kampen om plassane i kommunestyret i Tysvær. Da hår me gjort unna stortingsvalet og den kampen som pregar din og min kvardag mest, kan ta til.
Gratulerer på Eikeskog, nå må kampen for Slåttevik vakne til liv igjen.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør