Klassisk fra starten bilde i Sluseløpet. Thomas Finshus i midten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Klassisk bilde fra starten i Sluseløpet. Thomas Finshus i midten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Søndag er det «fest» i Straumen

Søndag er det klart for det 7. Sluseløpet i historia. Gjest denne gongen er Gro Hammerseng-Edin.

Så mykje tøffare enn å få måle krefter mot handballyndlingen er det vel ikkje.
– Dagen etter at ho la opp som spelar i Larvik fekk eg napp. Nå kjem ho til oss og skal ha handballtreningar med lag frå våre samarbeidsklubbar, foredrag i Tysværtunet og ikkje minst vere med i Sluseløpet på sundag. Eg er svært nøgd med at me har fått eit slikt sportsleg førebilete til bygda, seier Thomas Finshus.
Det er altså allereie sju år sidan Bygdelaget i Skjoldastraumen for første gong inviterte til løp.
– Det har vore ei fin utvikling av arrangementet, og det tar vi eit steg vidare i år. Gro skal trene unge handballspelerar både i Tysværtunet og i Skjoldhallen. Det kjem til å bli heilt topp. Me har plass til 75 spelerar og eg trur berre det er eit par ledige plassar igjen. Å få trene med Gro veit eg blir ei oppleving for livet for dei unge talenta.

Foredrag
– Kva skal ho snakke om under foredraget i Tysværtunet?
– Det kjem garantert til å bli om å lykkast i idretten, om verdiar og om den eventyrlege suksessen til handballandslaget og Larvik. Dette er eit foredrag som er ope for alle, og skal eg tolke førehandssalet av billettar så har me treft godt med årets gjest.
– Du lovar at ein kan måle krefter mot henne i sjølve løpet. Det betyr at ho stiller med startnummer?
– Det har ho sagt, og eg trur ho framleis er i god form. Løypa vår er berre 4,5 kilometer, men har den berykta og berømte «Bjørkebakken», som er ei fin sportsleg utfordring. Nytt av året er at me har ein eigen bakkepris til den som spring raskast opp dei 800 metrane, smiler Finshus.

Medaljar
I tillegg til sjølve løpet, og trimturen som går i den same traseen, har ein som vanleg rydda plass til eit barneløp.
– Det blir som vanleg over brua og tilbake igjen. Når dei kjem i mål skal Gro vere med å dele ut medaljar. Det er eit av høgdepunkta når me har gjester her, at dei er tilgjengelege og er ute blant dei yngste deltakerane.
– Kva med utfordrarar til å slå Thomas Finshus?
– Finnest det? … he, he. Eg trur fjorårsvinnaren Lars Lunde frå Stord kjem. Så håper me alltid at ein gjeng frå HIL tar turen. Det hadde vore stas. Men det viktigaste er at dette skal vere eit løp eller ein trimtur for alle, uansett nivå. Me vil ha ein dag, ja faktisk ei heil helg, kor me vil at aktivitetar står i fokus. Me som arrangerer dette, og det er mange, gleder oss i alle fall til helga. Og det er faktisk meldt bra vêr. Det hadde vore kjekt, avsluttar alltid like optimistiske Thomas Finshus.