Blå-blå u-sving

Desember 2015: Med regjeringa i ryggen lanserte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen E134 som hovudkorridor aust-vest.

Bakka opp av tilrådingar frå alle faginstansar skulle E134 prioriterast som hovudstamveg.
Europavegen over Haukelifjellet gav den største samfunnsgevinsten, og var eit av dei mest lønsame vegprosjekta i landet; nye tunellar mellom Seljestad og Røldal, Røldal og Vågslid, og ny veg gjennom Vindafjord og Etne på den pressa strekninga mellom Solheim og Bakka.
Ny E134 med arm til Bergen ville redusera reisetida, betra vintervegen over fjellet, minska høgdeforskjellane og ville vera det klårt mest samfunnsnyttige alternativet.
Det skulle også knyta landet saman, påpeika Solvik-Olsen.
Og ikkje minst, sikra vegen for både næringsliv og innbyggjararar.
Men det var i 2015.
Mars 2017: Med regjeringa i ryggen tar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen sin bråaste u-sving til dags dato, godt bakka av Hordaland Høgre, med sine hytter på Geilo.
I Nasjonal Transportplan blir E134 nedprioritert som hovudstamveg, og skal utgreiast på lik linje med E16, Rv7 og Rv52. Med andre ord blir også faglege råd, lønnsemd og samfunnsnytte nedprioritert i det regjeringa kallar «den største og mest ambisiøse transportplanen nokon sinne».
Samstundes er strekningane Seljestad – Røldal, Røldal – Vågsli nedprioritert av regjeringa. Plasserte i NTP-ens risikable andre periode er dei eit lett byte når planen skal reviderast, og dei blå-blå heller vil prioritera meir bane og bykjerne i åra som kjem. Og Bakka-Solheim? Ikkje nemnde med eit ord.
Ved å degradera E134 frå å vera det klåre førstevalet har regjeringa svikta eige løfte og snudd ryggen til vestlandet og næringslivet her.
Men politiske u-svingar til trass, fakta står framleis ved lag: E134 er det klårt beste alternativet for å sikra samferdsla aust-vest. Regjeringa si populistiske vingling endrar ikkje fakta. Senterpartiet har i sitt forslag til Nasjonal Transportplan lagt inn midlar til oppstart av Haukeli-tunnelane i første del av planen.

Arne Bergsvåg, leiar i samferdselsutvalet i Rogaland