Kunstgrassjokk

Idretten i Tysvær har fått eit nytt ord. Kunstgrassjokk.

Me har tidlegare skrive mykje om den stadig aukande aktiviteten blant barn og unge i ytre del av kommunen. Aktiviteten i og rundt anlegget til Stegaberg IL veks i takt med auken av unge familiar i nedslagsfeltet. Difor var det ein briljant idé av alle partia å sette ein ny kunstgrasbane høgt oppe på lista si for valkampsaker i 2015. Uansett korleis ein snudde og vridde på det, så var dette eit billig og lett prosjekt som ville gi ungane treningstimar heile året.
Prisen på den nye «kunsten» var stipulert til 7,5 millionar, nokså edrueleg og vanleg for slike prosjekt. Kommunen var føre var og gav ein ekstra million i tilfelle det skulle dukke opp noko uventa. Stegaberg skulle stille med sin 1/3-del, 2,5 millionar. Det var berre eit tidsspørsmål om når ein ville sjå gravemaskinar ved ungdomsskulen, og den gamle «kunsten».
Så kom anboda. Eg har møtt mange triste folk i mitt liv, men fleire av dei eg møtte etter at tala blei kjent går rett inn på lista over dei tristaste. Prisen var i beste fall auka til 14,5 millionar, men tar ein med alt som må gjerast i området, grunnareal osv…, så snakkar me om summar tett opp mot 20 millionar kroner.
Det skal ikkje, og kan ikkje, Tysvær kommune bruke på ein enkelt bane, uansett kva trykk det er i nærområdet. Difor er det gledeleg å høyre at ein nå tar tak i alternative utbyggingar.
Det som er komme fram er eit gamalt ønske om å legge kunstgras på stadion. Der er det meiningar for og mot sjølvsagt, men skal Stegaberg få på plass ei rask løysing, så er det eit godt alternativ. Utfordringar knytt til friidrett kan og må løysast.
Eit anna poeng er å få utnytte grusbanen til meir enn parkering og hundetrening. Idrettskonsulenten har allereie planar klare, og desse skal han rimeleg kjapt ut og informere styret og medlemmene i Stegaberg IL om.
Denne nyheiten passar svært dårleg for idrettslaget, det er det ingen tvil om. Aktiviteten er på rekordhøgt nivå. Det gjeld også i friidrettsgruppa, som blir ein faktor i det vidare arbeidet.
Men den er også ein vekkjar for politikarane i Tysvær. Kva gjer ein nå? Litt flåsete kunne ein sagt at fem millionar i overskridingar i eit slikt prosjekt neppe er av historisk storleik i Tysvær, men det er ein signaleffekt her som kunne gitt langt verre konsekvensar. For ein veit at det er andre klubbar som ligg og ventar på om deira store prosjekt har livets rett. Det gjeld i Grinde, og det gjeld i Tysværvåg.
I framtida er kanskje ikkje 12-15 millionar for ein kunstgrasbane nokon upris, men det er det nå.
Difor er det gledeleg, oppi det triste, at administrasjonen ved rådmann Arvid S. Vallestad i spissen, idrettskonsulent Geir Stakkestad og det politiske Tysvær med ordførar Sigmund Lier i front nå kastar seg rundt og vil finne ei løysing på dette raskast muleg.
Ungane står og skrapar i døra og vil ut og trene.
I 2019 er det val.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør