Etter at Haugaland Kraft hadde vore på befaring, blei det klart at ungdomslaget sitt lokale, «Heimtun» treng nytt elektrisk anlegg. Dette søkte dei om midlar til gjennom Sparebanken Vest si ordning «Hjertebank for Vestlandet», der banken gir overskotet tilbake til samfunnet.
– Tusen hjarteleg takk, dette sett utruleg stor pris på, sa Nina Aas Våge og Geir-Helge Hansen, som mottok pengegåva på vegne av ungdomslaget.
Det var åtte ulike organisasjonar, lag og foreiningar som fekk pengar. Dei blei tildelt i stigande rekkefølgje, og Førland fekk til slutt. Det vil seie at dei fekk mest pengar.
Sidan 24.juli har lokalbefolkninga i Haugesund, Karmøy, Sveio og Tysvær fått nominere kandidatar som dei meiner kan bidra til å gjere lokalmiljøet enda litt betre. 325 søknadar kom inn.
Desse satt i juryen:
Ingeline Kaldestad: Prosjektledar Haugesundregionens Næringsforeining
Eirik Vespestad Mæland: Fotballspillar
Jorunn Skåden: Ordførar i Sveio kommune
Mika Nurmi: Sjølvstendig næringsdrivande