Styrk praktisk-estetiske fag

For å skape ein skule for alle, kor alle elevar trivest og opplever meistring, må me gjere grunnskulen meir praktisk.

Senterpartiet vil ha ein skule for både teoretikarar og praktikarar. Det trengs ei satsing på ein meir praktisk skule både for å auke elevane si motivasjon, men også for å imøtekomme behova til næringslivet i framtida.

Me må snu trenden med ein stadig meir teoretisert skule kor det vert snakka mykje om praktisk undervisning, medan ein likevel einsidig prioriterer basisfaga. Behovet for lærarar med høg undervisningskompetanse er like viktig for alle faga i skulen. For Senterpartiet er det viktig at borna våre har fagleg og pedagogisk sterke klasseleiarar i alle fag. Me vil difor stille krav til undervisningskompetanse også for lærarar som underviser i praktisk-estetiske fag, og ikkje berre i norsk, matte og engelsk. Det er viktig at også lærarar som underviser i gym, kunst og handverk, sal og scene, musikk, mat og helse m.m. også får moglegheita til etter- og vidareutdanning. Ved å styrke dei praktisk-estetiske faga, styrker me samstundes dei andre faga samla. Ein meir praktisk skule vil auke motivasjonen for mange elevar, og deira moglegheit til å lukkast.

Me veit ikkje kva jobbar dagens førsteklassingar skal ha i framtida. Me veit heller ikkje kva utfordringar dei skal løyse, eller kva teknologi dei skal meistre. Det einaste me veit, er at dei treng ein samansett kompetanse som kan førebu dei på eit variert yrkesliv. Då må me sjå heilheita i norsk skule, og slutte å nedprioritere dei praktisk-estetiske faga, sjølv om det ikkje er desse vert målte på PISA.

Med venleg helsing
Hanne Marte Vatnaland
2.kandidat til Stortinget
Rogaland Senterparti