Ikkje slik hos oss

Stortingsvalet 2017 er historie. Resultata er kjent og eit nytt storting er i ferd med å bli presentert.

Skittkastinga frå valkampen held fram med same styrke også etter at veljerane har sagt sitt. Det er ein ny type politisk kamp mange har reagert på. Det handlar like mykje om enkeltpolitikarar, som det handlar om politikk. Det blir brukt omtale av personar på ein måte som har fått folk til å reagere.
Når det er sagt så er det faktisk politikarar og parti som har hausta stemmer i hopetal sjølv om dei har vore under tidvis stygg og krass kritikk i valkampen. Så taktisk har det vore ein triumf. Dei siste dagane før valet trefte eg på mange av dei som har stemt mange gonger, og som må kunne kallast veteranar både i valkampar og i politiske debattar. Dei var litt bekymra for at den tendensen me nå har sett vil spreie seg inn i den neste valkampen som kjem, nemleg til kommunevalet i 2019.
Det er eit godt spørsmål, men det spørs om det er grobotn for liknande tilstander i ein kommune som Tysvær. Avstanden mellom politiske meiningar og handling, er for lokalpolitikarane svært kort. Me har per i dag ikkje lokalpolitikarar som verken kan hente gevinst eller tap på å ikle seg ei offerrolle, eller å stå fram som politiske bøller. Me har ingen som tydeleg skil seg ut, og som tar tak i saker som det ikkje er god politisk støtte for.
Difor trur eg ikkje taktikarane i lokalaga hadde så mykje å hente i denne valkampen.
Noko av det eg personleg synest var det tristaste å observere med årets valkamp var å sjå kor lite merksemd den gode og interessante debatten som oppsto når lokalpolitikarane var kommandert ut på stand fekk. Den sto i kraftig kontrast til «skrikinga» og støyen me fekk servert på fjernsynet og i dei store partileiardebattane. For det er nå ein gong slik at folk er svært opptatt av kva eit eventuelt regjeringsskifte, nye partiprogram og nye parti i posisjon ville ha å seie for tysværbuen, haugalendingen eller rogalendingen.
Eg merka det igjen under valvaken på rådhuset. For å seie det slik; det tok ikkje av. For det blir ein utruleg stor avstand frå lokalpartia til dei ein ser i blådress, jublande og glade på storskjermen.
Nå går Noreg inn i fire nye år styrt av Erna Solberg. Fire år med nye kampar, ueinigheit, gode tider og heilt sikkert noko å ta med seg inn i valkampen i 2019.
Me bur i eit så godt land at ein dårleg valkamp med skittslenging og skriking ikkje vil få anna enn ein liten notis i historiebøkene.
Noko som derimot fortener omtale er valdeltakinga. Den står det respekt av.

Gratulerer til alle som vann på måndag.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør