Skjermbilde 2017-09-15 kl. 13.59.55

Flott PALS-veke på Straumen skule

For kort tid sidan hadde elevane ved Straumen skule ein veldig kjekk natursti som gjekk i skog og mark rundt skulen.

Der møtte dei vaksne på seks postar som ga gruppene ulike samarbeidsoppgåver. Gruppene var satt saman av elevane på tvers av 1.-7.trinn. Dei eldste gjorde ein super jobb som gruppeleiarar. Etterpå var det samling i gymsalen. 7. klasse vann PALS-pokalen med 100 BRA-kort for å ha vore ekstra flinke til å helse og hjelpe til desse ukene etter oppstart. Gruppa som vann Naturstien fekk 49 av 60 mulege poeng, ett meir enn 2. plassen. Alle fekk pølse i brød når dei kom tilbake til skulen.
– Det var ein fin avrunding på ei gode veke med start på å lære dei 10 PALS-forventningane me har på Straumen skule skikkeleg. Me kjem til å halde fokus på dette vidare, sjølv om ungane er for det aller meste er veldig god på dette, seier rektor Morten Salvesen.

God stemning under PALS-dagen ved Straumen skule.