Natalie Waage koste seg på årets Babeluba. Foto: Ingvild R. Myklebust
Natalie Waage koste seg på årets Babeluba. Foto: Ingvild R. Myklebust

Strålande på Babeluba

Barn i knallgrøne t-skjorter hadde det travelt med å teste ut dei ulike aktivitetane i og rundt Tysværtunet under årets Babeluba laurdag.

Dei hadde utan tvil mykje å velje i, for det mangla ikkje på kjekke opplevingar. Lag- og foreiningar i Tysvær viste fram kva dei driv med, og hadde laga til svært mykje kjekt for barna. Her kan nemnast bueskyting, kajakkpadling i symjehallen, hesteridning, trailkøyring og mykje, mykje anna.

Betre haustvêr kunne ein vel heller ikkje håpe på, og det var mykje aktivitet på Lars Hertervigs plass, der ein mellom anna kunne grille seg pinnebrød med speidaren, kjøpe seg slush eller køyre morosame båtar i eit basseng.
På brannstasjonen var det også open brannstasjon, der dei som ønska kunne få seg ein tur i brannbilen med sirener, eller prøve å spyle med brannslange.

Babeluba har blitt arrangert sidan 2009, og årleg er det over 800 barn som løyser billett.

Les og sjå meir i papirutgåva på torsdag!