Bringedalstunet fell flott inn i landsskapet like ved Tysværtunet i Aksdal.
Ill: Brekke, Helgeland og Brekke
Bringedalstunet fell flott inn i landsskapet like ved Tysværtunet i Aksdal.

70 på liste: Her vil tysværbuen bu

Bringedalstunet i Aksdal er snart for å bli presentert. Lenge før teikningar og kontraktar er klare har over 70 personar sett seg opp på interesselista.

Bringedalstunet kjem til å ligge vegg i vegg med kulturhuset, og må kunne seie å ligge midt i indrefileten av Aksdal sentrum. Leilegheiter frå 90 kvadrat til husbankfinansierte på 135 kvadrat har skapt interesse langt utover det utbyggar Odd Hansen Prosjekt hadde våga å drømme om.
– Eg har vore med på ein del prosjekt i Tysvær etter kvart, men maken til dette har eg ikkje opplevd. Lenge før me har starta salet, har over 70 personar sett seg på lista, og sagt dei er interessert i å ha kontakt med oss i dette prosjektet. Det er to ting ved svært mange av dei som står på lista. Mange av dei har allereie adresser i Aksdal, og dei har tid til å vente dei to åra det tar før dei eventuelt kan flytte inn. Det er også litt unikt, seier prosjektleiar Kjetil Alvheim.
– Det betyr nok ein gong at me snakkar om tysværbuar som flyttar internt i kommunen?
– Eg tenkte aldri på det før eg las om det i Bygdebladet for ei stund sidan, men det er faktisk heilt rett. Om eg kikkar i papira for dei siste store prosjekta våre, som Utsikten og Førreparken, så er det svært høg prosent med tysværbuar som har flytta dit.

Vinn-vinn
Det har positive ringverknadar trur prosjektleiaren.
– Det betyr at «vaksne» folk flyttar ut av sine opparbeida einebustadar til dømes i Aksdal, og opnar for at unge barnefamiliar kan flytte inn. Slik får ein god sirkulasjon i bustadmarknaden. Det er på mange måtar ein vinn-vinn situasjon.
– Når du snakkar om vaksne som vil inn i Bringedalstunet… Kva tenker du om det?
– Det eg ser er at alderen på dei som vil ha seg leilegheit er på veg nedover. Når ein får leilegheiter frå omlag tre millionar kroner og oppover, er det mange som ønsker å«bytte» jamt. Det betyr å selje for omlag den same summen som dei kjøper for. Eg vil tippe at når dette prosjektet er utseld, så vil ein ha ein fin aldersblanding i bygget.

Litt utanfrå
Det dei kan velje i er sjølvsagt topp moderne leilegheiter med dei fasilitetane som ein kan forvente i 2019. Fleire av dei får utsikt over store deler av Aksdal og Aksdalsvatnet.
– Det freistar ikkje folk utanfrå Tysvær, altså?
– Joda, så ille er det ikkje. Me har fleire frå nabokommunane på lista, og eg veit at ein del av dei er svært interesserte i det som skal skje. Men hovudtyngda er nokså lokal.
– Kva tid startar kampen om å få signere kontraktar?
– Nå jobbar me på spreng saman med mellom andre arkitektkontoret Brekke, Helgeland og Brekke med å få ferdig prospektet, noko som me håper å kunne sende ut og dele 3. oktober. Så blir det nok eit salsmøte i veka etter det. Men me er klar over at det er skilnad på å stå på ei liste og faktisk signere. Men med den interessa som har vore, kan eg vanskeleg sjå føre meg at me ikkje skal selje dei 60 prosenta av leilegheitene som er kravet for å komme i gang.
– Og skjer det, så er byggestart allereie neste år?
– Det håper me på. Me har tilpassa oss den reguleringa som var for tomta. Me manglar eit par godkjenningar og må sjølvsagt få på plass entreprenørar. Men når det er på plass så ser eg føre meg byggestart til våren, og så ein byggeperiode på halvanna år.

– Fantastisk
Arkitektkontoret Brekke, Helgeland, Brekke har verkeleg fått mykje ut av tomta. Det merkar også seljaren.
– Personleg er eg svært nøgd med det dei har fått til. Me har fatt teikna eit moderne bygg som skil seg litt ut frå dei andre bygga i nærleiken, utan å dominere for mykje. Det er teikna inn eit par grøntareal i sjølve bygget, som skal dempe det. Parkeringsplassar til dei som bur der, og eit par gjesteplassar er også på plass, seier Alvheim.
– Dette blir eit av dei første skikkeleg store bygga inne i sjølve sentrum av nye Aksdal. Er det eit press?
– Både ja og nei. Me har lagt opp til eit moderne bygg, som ikkje er noko form for pilotprosjekt av noko slag. Hadde kanskje vore lettare om det allereie var mange bygg på veg opp, men me har valt noko som eg tru vil falle naturleg inn i framtidas Aksdal.
– Kva er responsen frå dei som har sett teikningane?
– Fantastisk. Det er vel et ordet som går mest igjen.
– Sidan ein framleis ikkje har fått sett teikningar av sjølve leilegheitene er det mange som er spent på det. Kan du røpe noko?
– Det kan eg. Det er fleksible leilegheiter kor kjøpar kan vere med å bestemme deler av inndelinga. Om ein vil ha to eller tre soverom, kva type kjøkken og materialar ein vil ha. Dette har me hatt suksess med tidlegare, og er muleg for oss å gjennomføre. Me har også ei løysing med at det eine soverommet ligger trekt tilbake i bakkant, slik at ein på ein måte får to soveavdelingar. Det kan då vere fleksibelt om ein ønsker større stove eller kjøkkenløysing. Det er leilegheitene i toppetasjen som er dei største.
– Korleis er det med dei interesserte? Kva er det dei lurer på?
– Det er fleire ting. Korleis leilegheitene ser ut, kva prisklassar det er, parkering, kva tid det er ferdig og kor fleksibelt innreiinga er. Slikt er vanleg.
– Når ein snakkar om Bringedalstunet generelt då. Kva seier folk om plasseringa?
– Den er for mange heilt perfekt. Det er 20 meter til kulturhuset, 100 til kyrkja og det same til kjøpesenteret. Mange seier rett ut at dei vil flytte frå Aksdal til Aksdal, fordi det er her dei vil bu. Så kan ein seie me er litt heldige fordi andre bustadprosjekt i Aksdal lar vente på seg. Vel, det har ikkje me noko med, men lovar å gjere vårt beste for at aksdalsbuen, og alle dei andre som vil til Bringedalstunet, skal få ein flott plass å bu. Trivsel kan me aldri garantere, men me kan legge opp til at det er god grobotn for det. Det trur eg me skal få til, seier ein svært travel Kjetil Alvheim, som parallelt også sel leilegheiter, og skal ha skikkeleg byggeoppstart i Førreparken denne hausten.