Imre Elias Log-Nernes på fire år var klar for ein dag med aktivitet og moro i klatreparken. Foto: Ingvild R. Myklebust
Imre Elias Log-Nernes på fire år var klar for ein dag med aktivitet og moro i klatreparken. Foto: Ingvild R. Myklebust

Bursdagsfeiring i tretoppane

Aktiv mot kreft fyller 10 år, og inviterte laurdag til aktivitet i Høyt & Lavt klatreparker over heile landet. I parken på Nedstrand blei dagen opna av ordførar Sigmund Lier, som roste arbeidet til stiftinga.

Fleire hundre personar hadde møtt opp i Høyt & Lavt Nedstrand denne solrike laurdagen for å vere i aktivitet i tretoppane. Bursdagsfeiringa var det Aktiv mot kreft som inviterte til, og arrangementet var gratis for utan ei registreringsavgift på ti kroner.
Ordførar Sigmund Lier var med på opninga av AKTIVdagen, og hadde fleire lovord om stiftinga sitt arbeid.
– Aktiv mot kreft gjer ein formidabel innsats. Dei har fokus på aktivitet, og at ein kan vere i bevegelse sjølv når ein er sjuk, sa Lier.

Aktiv mot kreft har etablert treningsrom for kreftpasientar på norske sjukehus. Treningsromma kallar dei for Pusterom. Her kan brukarane trene, og få rettleiing av fagpersonar. I oktober opnar Pusterommet på Stavanger universitetssjukehus, som det 16. i landet.
– Kreft er ein alvorleg sjukdom, men me har valt å møte den med meistring, aktivitet, energi og håp. Og slik vil me at denne dagen skal vere for dykk, sa Guri Sogn-Larsen i Aktiv mot kreft ved opninga av AKTIVdagen i Høyt & Lavt Nedstrand

Les meir i papirutgåva på torsdag!