Av Natalie Hellerslien
Onsdag 20.september var det skulejogg på Straumen skule til inntekt for SOS-barnebyer sitt arbeid for barn på flukt. Elevane samla sponsorar i forkant og fekk ein sum for kvar runde dei tok i løypa som var 1,5km. Nokre av elevane sprang både 8,9 og 10 rundar, 4 av elevane sprang heile 11 rundar i løpet av den halvanna timen som var satt.
Både foreldre, lærarar og barnehagen stilte som heia gjeng i løypa. Ekstra stas å springe forbi barnehagen som stilte med høge heiarop, musikk og flagg. Dette er eit kjekt og positivt samarbeid mellom skulen og FAU på Straumen skule til inntekt for ei god sak, der elevane lærar litt om føremålet med joggen og om kva dei samlar inn til på førehand.
FAU stiller med saft, frukt sponsa av Coop marked Skjoldastraumen og sponsorpremiar. Me vil takka sponsorane så bidrog til flotte premiar som blei trekt blant elevane etter løpet.
Det totale innsamlande beløpet er ikkje klart.