To unge menn…

Det har vore nokre tunge veker for Tysvær. To unge menn har vore sakna. Ein i Haugesund, ein i Avignon. Begge er funne døde.

Det er tungt for eit lite samfunn som vårt. Me har som ingen andre stadar, absolutt ingen og miste.
Når unge menn forsvinn på denne måten, brått og brutalt blir det eit stort sakn i kjølevatnet av dei. Mange har uttrykt botnlaus sorg over at ein dei kjenner og liker, plutseleg berre er borte. Då har det vore godt å kunne samlast i kyrkja, tenne lys og vere saman. Det har vore godt å kunne gå inn på Facebook og poste eit hjarte eller ein kort tekst. Samhald veks i dei mørkaste stunder. Og nok ein gong står vårt samfunn saman, når det triste slår inn over oss.
For i dag er det ingen nåde når nokon er sakna. Aviser, fjernsynsstasjonar, radio og nett er på med ein gong. Det er ei todelt oppgåve, som mange etter kvart skjønar. Så klart er det ein nyheit når unge menn forsvinn. Men det viser seg også at merksemda gjer at folk engasjerer seg. Begynner å leite, tenker om dei veit noko som politi og leitemannskap bør få vite om. God informasjon kan vere med å oppklare. Og denne gongen har det vore mykje god informasjon. Spesielt på sosiale media har det vore reinsleg det som er blitt lagt ut. Folk har brydd seg, vist omsorg og ikkje vore til hinder for oppklaring av sakene.
Det er også eit teikn på at me bryr oss.
Sjølv om venner og naboar nå er i sorg kan ikkje det målast opp mot den botnlause sorga dei næraste nå sit att med. Det er for oss som aldri har vore i ein slik situasjon heilt umuleg å sette seg inn i korleis kvardagen for dei er. Håpet må vere at dei har nokon rundt seg, som kan vere med å finne nytt lys og mot. At kvardagen gir dei noko, som kan hjelpe dei vidare. At samfunnet stiller opp, slik me skal og bør.
Sidan begge var sakna var det på ein rar måte godt å finne dei så raskt. Sjølv om utfallet var det verst tenkelege, så har i alle fall familiane og vennene fått eit svar. For oss som bur på Haugalandet og som har Bjarne Eide saka hengande over oss som eit blylodd, er det å ikkje få eit svar noko som kan rive sundt både familiar og vennekretsar.
To slike hendingar i same kalendermånad gjer noko med oss. Det viser kor skjørt livet eigentleg er. Om kor fort det kan snu, frå lykke til sorg. Unge menn med alle mulegheiter føre seg, er der ikkje lengre. Tunge gravferder står for tur. Tårer og ny botnlaus sorg.
Ommund Veim Eikje (22) og Mats Kristoffer Tysse Flygansvær (19) er ikkje lengre blant oss.

Kvil i fred.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør