4A på Frakkagjerd barneskole var storfornøgde med å vinne 10.000 kroner i konkurransen Beintøft. Dei har gått, sykla og tatt kollektivtransport til skulen.
4A på Frakkagjerd barneskole var storfornøgde med å vinne 10.000 kroner i konkurransen Beintøft. Dei har gått, sykla og tatt kollektivtransport til skulen.

Beintøffe elevar vann 10.000 kroner

4A på Frakkagjerd barneskule har gått, sykla og tatt kollektivtransport til skulen. Dei blei premierte med 10.000 kroner. Pengane vil dei bruke på noko kjekt og miljøvennleg.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust

Det var ved å delta i Beintøft at klassen vann den gjeve premien. Beintøft er ein konkurranse for alle barneskuleelevar, der poenget er å inspirere til å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen. Målet er mindre forureining, reinare luft og at området rundt skulen blir tryggare og det blir mindre utslepp frå bilar.

Sanka poeng
4A på Frakkagjerd barneskole var ein av sju trinn-vinnerar i Beintøft. Årets tøffaste klasse blei 7A på Grindhaug skole på Karmøy. Dei blei premierte med heile 30.000 kroner til vidare miljøvennleg aktivitet. Det blei også kåra ein vinnarklasse frå kvart fylke i landet som fekk 5000 kroner.
For å vere med på Beintøft har ein registreringskort i klasserommet som alle elevane fyller ut kvar sin morgon. Læraren registrerer kor mange elevar som har gått, sykla og brukt kollektivtransport på nettsida til Beintøft. I slutten av kvar veke må ein registrere alle turane for den veka. Klassen får like mange poeng som talet på prosent som har gått. Altså har klassen 100 elevar, og 30 har reist miljøvennleg får klassen 30 poeng.
Det blei også gitt eit tema kvar veke i september, og eit vekesoppdrag var knytt til kvar veke. Her kunne klassen også få ekstra poeng.
Det er organisasjonane Miljøagentene og Syklistenes Landsforening som står bak Beintøft.

Mange forslag til pengebruk
Elevane har også teikna det dei har sett på vegen, eller tatt bilde av noko dei observerte.
– Eg såg folk som plukka søppel, fortel ein av elevane.
– Eg såg ein hjort, opplyser ein annan.
Nokre har sett ekorn på skulevegen, andre har sett sommarfugllarve, reir med egg i og ein kattepus. Ein kan altså oppdage mykje når ein tar beina eller sykkelen fatt til skulen.
– Kva har de tenkt å bruke pengane de vant på?
– Noko som me kan gjere i naturen, fortel klassen.
Lærar for 4A, Irene H. Susort, fortel at det er komme mange gode forslag til kva pengepremien kan brukast til, men at dei førebels ikkje har bestemt seg. Men etter planen skal det vere noko som kan fremje natur og aktivitet. Det mangla i alle fall ikkje på gode forslag.
– Kanskje kan me kjøpe nokre nye ballar til å ha ute. Eller ein zipline, kjem det entusiastisk frå klassen.
Dei vil også dele premien med parallellklassen 4B, som dei er mykje i lag med.