Konsekvensane kan bli katastrofale for det Tysvær som ein i dag kjenner.
For det som er klokkeklart er at om Tysvær i 1. omgang mistar inntekter opp mot 80 millionar i året, så er det inntekter dei ikkje kan klare seg utan. Då må dei inn på andre måtar. I klartekst eigedomskatt på det meste som det går an å hente inn skatt på. Det betyr i yttarste konsekvens både eigedomskatt på bustadar og fritidseigedomar. Alle små og store verksemder i kommunen kan allereie nå begynne å planlegge budsjett ut frå at i framtida kjem det ein ekstrapost i dei budsjetta som heiter eigedomskatt.
Jobben for vår ordførar blir nå å ta turen til Oslo og legge fram alle konsekvensar av regjeringa sitt framlegg. Dette er rasering av kommunale tilbod i fleire kommunar. Det kan ikkje vere meininga og det blir allereie stilt tildels kraftige spørsmålsteikn med dette forslaget. Sigmund Lier tar denne turen neste veke og det er ein tydeleg kampklar ordførar som nå skal få møte dei som styrer landet.
Uansett var dette eit venta utfall, sjølv om både tidsperspektiv og innhald i statsbudsjettet overraska. Tysvær kommune har dei siste åra hatt eit spareprogram som har tatt høgde for tøffare tider. Men det som nå skjer kan lage mange skjer i sjøen også for denne spareplanen. Om ein klarer å få inn «ny» eigedomskatt som dekker halve det tapte beløpet, vil det framleis vere så store summar i minus i rekneskapet at det må kuttast meir og tøffare. Erfaringar viser då at det går utover helse, skule og dei eldre. Kva det vil ha å seie for utviklinga av ytre del av kommunen, Aksdal og levande bygder?, tør ingen å spå.
Me registrerer også at regjeringspartia sine representantar i Tysvær heller ikkje er særleg førebudde på dette og nå slit med å komme med gode innspel.
Tysvær har heldigvis tatt denne trusselen på alvor i mange år, men me ser nå at dette kan bli ei gigantisk utfordring som krev politiske tydelege politikarar, og ein plan for framtida som er open og ærleg ut mot innbyggarane. Det blir heilt feil å seie at me har hatt det for godt på grunn av millionane frå Kårstø, og at me nå må tole at det svir. Slike haldningar bør lukast vekk før dei når ut i det offentlege rom, for her må alle gode krefter, både innan kommune administrasjon og næringsliv jobbe saman. Og det med eit felles mål. Korleis skal denne kampen vinnast, og om det blir tap, korleis hente inn nye millionar utan at det brekk ryggen på dei verksemdene som vil etablere seg her, og dei som vil bu her.
Det blir ein tøff kamp.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør