Dette er organisasjonar som jobbar for å engasjere barn og unge og spreia info til befolkninga om mat, landbruk, dyrerettigheiter og grøn næringsverksemd kvar einaste dag. Hardast blir me i 4H bli ramma. Går dette igjennom vil 4H Norge miste over 7 millionar kroner. 4H er en barne- og ungdomsorganisasjon, og støtta går til aktivitetar for barn og unge i hele landet.
4H Rogaland samlar 37 lokale lag med rundt 1500 medlemmer, først og fremst i alderen 10 til 18 år. Veldig mange ungdommar får organisasjonskunnskap gjennom styreerfaring og kurs i 4H. Me arbeider med å spreia kunnskap om natur og naturbruk og gjer eit viktig arbeid med å rekruttere til landbruket. Berre i Rogaland deltar eksempelvis 500 medlemmer på det årlege Storkurset, som er et av de mange arrangementa som 4H har. Her deltar de på et helgekurs i alt frå slakting, husdyrstell, tradisjonsmat og bakst, til klatring, surfing, gitarbygging og idrettsaktivitetar.
Gjennom prosjekt Grøn framtid har ungdommar hatt moglegheit til å kurse seg innan mjølke- og kjøtt produksjon, sauehold og skogbruk/motorsag. 4H har også stor aktivitet i friluft, og mange 4H-klubber har laga naturmøteplassar som er opne for alle som vil bruke dem.
De få kronene staten sparer på dette kuttet, betyr svært mykje for organisasjonane og for dei viktige samfunnsoppgåvene me er med å løyse.
Frivillig sektor er viktig for inkluderinga, gir ungdom meistring og er med på å forebygge både psykiske og fysiske utfordringar. Dette må vi ikkje slå beina under.
Vi setter nå vår lit til at Kristelig Folkeparti og Venstre bruker sine klare hovud, varme hjarter, flinke hender og gode helse, og at de kjempar for at de ideelle og viktige organisasjonane behalde si støtte!
Johanna Veim Hettervik
Styremedlem 4H Rogaland