Albatrossenteret er planlagt til høgre på bilete, med parkeringsplassar i front.
Albatrossenteret er planlagt til høgre på bilete, med parkeringsplassar i front.

Vil legge til rette

– Vårt mål er å få til eit helsehus i Aksdal kor legane er ein viktig del av tilbodet. Difor vil me strekke oss langt.

Utgangspunktet er forskjellig, men målet er at Tysvær kommune og dei fem legane i Aksdal skal komme fram til ei god løysing.
– Då snakkar me om ei god løysing for begge partar. Debatten kunne ha vore betre og me kunne frå starten av hatt eit litt anna utgangspunkt. Men me er innstilt på å legge godt til rette for dei fem legane ved Aksdal Legesenter, og jobbar med gode alternativ for dei. Målet er som sagt å tilby lokale som er så attraktive at dei blir med på laget, seier rådmann Arvid S. Vallestad og ordførar Sigmund Lier.

Leie eller eie
Stridens kjerne er at legane vil eige sine eigne lokale, og har difor sondert terrenget mellom anna på Frakkagjerd. Nå opnar Tysvær kommune for at det kan skje i Albatrossenteret.
– Me har bede arkitekt Thomas Brekke om å teikne ei løysing slik at arealet og prisen blir tilpassa dei signala me har fått frå legane. Det betyr at dei er presentert for planar på opp mot 500 kvadratmeter i det nye senteret. Dette kan dei få kjøpe eller leige til ein svært gunstig leigekostnad for eit nytt bygg. Så har me også fått teikna inn mange av dei ønska og krava dei hadde frå tidlegare møter. Slik sett meiner me at dette nå er eit langt skritt i den retninga dei vil. Me har også sett på dette som så allment viktig at me har prøvd å komme fram til ein kvadratmeterpris, som kan matche dei prisane som er i nabokommunane.
– Så det betyr at legane nå har fått dette konkrete tilbodet om enten å eige eller å leige?
– Ja, det har dei, og me har også komme med eit par tilbod til i Aksdal, som dei nå vurderer.

Vanskelegare
Dei to tilboda er vanskelegare å sette kjøpspris på. Men både ordføraren og rådmannen vil at dei skal bli vurderte nå.
– Det gjeld to kommunale tomter som ligg i Aksdal, og som det er regulerte planar for. Dei ligg sentralt, men må opparbeidast. Me vil ikkje gå ut med detaljar nå, men legane er informert og har fått den tilleggsinformasjonen som dei treng for å vurdere dette.
– Er tilbodet så vanskeleg å ta stilling til at det eigentleg ikkje er aktuelt?
– Nei, det er det ikkje, men det er ikkje så konkret eller komme så langt som planane for Albatrossenteret, seier dei to.

Kjøper
Uansett kva legane kjem fram til går Tysvær kommune vidare med planane om å kjøpe 2. etasje i helsehuset.
– Det er vårt mål og det jobbar me vidare med. Uansett kva legane nå bestemmer seg for vil det vere gode og store lokale i 2. etasje der me skal ha fysio- og ergoterapitenesta vår, og der andre offentlege og private helsetenester kan husast. Det me vil understreke er at me tar legane på alvor, har komme med tilbod og ønskjer dei med på laget. Me håper å få til ein kommunalt eigd etasje i Albatross som skal gi vår kommune olbogerom i framtida for helsetenester. Det blir også treningssenter og svømmebasseng i bygget. Dette er eit prosjekt me har stor tru på, avsluttar Lier og Vallestad.
Avgjersla om å starte opp med bygging av Albatrossenteret må takast av utbyggar før sommarferien i 2018.