Into Waes fra Nye Bølger show-case på Revolver, Oslo under ByLarm 2017. Foto: Linn Førland
Into Waes fra Nye Bølger show-case på Revolver, Oslo under ByLarm 2017. Foto: Linn Førland

Jaktar «nye bølger» gjennom konsert

Samarbeidet Nye bølger har som mål å fremje musikk frå Haugalandet. Nå inviterer dei til konsert, der ungdom mellom 15 og 25 år kan presentere sin musikk.

Torsdag i neste veke arrangerer Nye Bølger konsert i Tysværtunet. Her kan unge, rytmiske musikarar på Haugalandet komme å gi sitt musikalske bidrag til kvelden. Arbeidsgruppa bak Nye Bølger håpar å treffe potensielle nye talent.
– Me ser etter låtskirvarar og utøvarar som har «det litle ekstra», og som kan tenke seg å jobbe hardt mot ei profesjonell musikkarriere, seier Johnny Liadal, som er ein av medlemmane i arbeidsgruppa i Nye Bølger.

Oppmodar til å ta kontakt
Arrangøren påpeiker at kvelden ikkje skal framstå som eit talentshow, men snarare ein «show-case» av musikkmiljøa i kommunane Tysvær, Karmøy og Haugesund, som er kommunane som samarbeider om Nye Bølger.
– Det hadde vore utruleg kjekt om me fekk høyre musikarar me ennå ikkje veit om, seier Helge Toft, som også sit i arbeidsgruppa.
Han oppmodar alle unge utøvarar til å ta kontakt dersom dei kunne tenke seg å opptre. For å bli valt ut til å delta i Nye Bølger sitt arbeid, må utøvarane vere busette i Tysvær, Karmøy eller Haugesund, vere mellom 15 og 25 år, og skrive sitt eige låtmateriale. Utøvarar kan melde seg på via Nye Bølger si nettside, eller ta direkte kontakt med Johnny Liadal, opplyser arrangøren.

Artistsamarbeid
Nye Bølger er som nemnt eit interkommunalt samarbeid mellom Tysvær, Haugesund og Karmøy, som har som mål å fremje rytmisk musikk frå Haugalandet. Dei har også eit samarbeid med Sysco og STAR. Styringsgruppa består av kultursjefane i kommunen, og administrerande direktør i Sysco.
Samarbeidet har også ei arbeidsgruppe som består av Johnny Liadal, Helge Toft, Per Steinar Lie og Randi Lofthus.
Nye Bølger har fått stønad frå Rogaland fylkeskommune og Talentspeiderprosjektet til Kulturnatt, i tillegg til driftsmidlar frå kommunane og Sysco. Prosjektet blei lansert i januar 2016, og har sidan mars same året arbeida med Emilie Røine Østebø, Into Waves, Espen Fernando Aarvik, Ken Tore Kallevåg og Fear Theories.