Laget «Bubbles» frå Frakkagjerd barneskule er eitt av laga som skal delta i First Lego League i helga. Bak frå venstre:  Pia Djuv-Opedal, Alva Espeset Hamnøy, Emilie Hagen Nuntun, Ann Mathilde Erikson, Thea Kallevik Vinnes og Herman Gaarder Velde. Framme frå venstre: Andreas Aursland, Sebastian Steinsnes Bang, Håkon Skauge Eriksen og Nicolai Innvær Sakkestad.
Laget «Bubbles» frå Frakkagjerd barneskule er eitt av laga som skal delta i First Lego League i helga. Bak frå venstre: Pia Djuv-Opedal, Alva Espeset Hamnøy, Emilie Hagen Nuntun, Ann Mathilde Erikson, Thea Kallevik Vinnes og Herman Gaarder Velde. Framme frå venstre: Andreas Aursland, Sebastian Steinsnes Bang, Håkon Skauge Eriksen og Nicolai Innvær Sakkestad.

Seks Tysvær-lag er klare for First Lego League

Seks lag frå Tysvær er klare for First Lego League i Sandnes i helga. – Me gler oss veldig, seier laga frå Frakkagjerd, då me besøker dei denne veka.

Det har blitt ein stolt tradisjon å ha med Tysvær-lag i Lego League, og fleire har gjort det skikkeleg bra.
I helga brakar det igjen laus – på Vitensenteret i Sandnes.
– Me har jobba med dette i snart åtte veker, og no er me snart heilt klare. Det blir spennande å delta, og me håper sjølvsagt at det går bra. Me trur nok at me vil gjere det best i forsking, seier sjetteklassingane Eskild og Jakob då me besøker dei på Frakkagjerd barneskole denne veka.
Det er i alt fire lag som er med frå Frakkagjerd, samt eitt frå Nedstrand og eitt frå Grinde.

Små marginar
Då Bygdebladet er på besøk, møter me ein gjeng svært engasjerte elevar. Tema i årets Lego League er vatn, og dei har alle funne kreative problemstillingar og løysningar.
– Me lærer veldig mykje av dette, og det er spennande å jobbe mot noko konkret, seier Lukas, som er på eit av robotlaga, idet han viser oss ein imponerande lego-kreasjon.
Me får også sjå korleis elevane har tenkt å løyse den tekniske biten på lego-bordet.
Noko finpuss må til før helga, er konklusjonen etter ein gjennomgang. Det er nemleg snakk om ørsmå marginar når ein skal stille inn koordinatorane på roboten. Bommar ein bittelitt, så er heile løypa amputert.

Loddsal
Den teknologibaserte konkurransen Lego League er for ungar mellom 10 og 16 år, og det er både skulebaserte lag og private lag som melder seg på. Konkurransen går ut på å designe, bygge og programmere ein robot som skal løyse definerte oppgåver. I tillegg jobbar elevane med ei teoretisk oppgåve.
– Me samarbeida med å finne namn på gruppene, så har me jobba med både problemløysningar, prosess og løysningar. Me har fått god hjelp frå Tysvær kommune undervegs. No finpussar nokre på manuset, nokre øver på robotdelen og andre går gjennom alt. Me byrjar å bli fornøgde, fortel Frakkagjerd-gjengen som har valt å kalle laget sitt «Aqua Blue».
Elevane kan fortelje at det kostar dei 10.000 kroner å vere med på Lego League i Sandnes.
– Me har klart å få inn 6.000 kroner på loddsal. FKH er sponsoren vår, dei har gitt oss 10 kampbillettar, som me har hatt som premie. Så no er me godt på veg også med pengar, fortel Eskild og Jakob ivrig.

Fleire prisar
Det skjer altså på Vitenfabrikken i Sandnes på laurdag. Då møtest rundt 400 ungar fordelt på 34 lag frå heile Rogaland til dyst. Desse konkurrerer om fleire gjeve prisar, som mellom andre;
– Programmeringspris
– Innsiktspris
– Samarbeidspris
Tysvær har kuppa prisar i Lego League før, og kanskje skjer det igjen. Me stiller i alle fall sterkt, med seks ivrige lag.

FAKTA:

– TeknoLab skole er ei stifting som arbeider for å styrke teknologi og realfagsundervisning i grunnskolen.

– Det er TeknoLab som er arrangør av First Lego League i Rogaland, og for TeknoLab-konferansen.

– Ei gruppe foreldre starta TeknoLab på Madlavoll skole i 2005. No dekker det heile regionen frå Haugesund i nord til Egersund i sør.

– Sidan 2005 har TeknoLab-stiftinga; etablert nærmare 60 TeknoLabar i Rogaland.

– Dei har kursa meir enn 4.000 lærarar i Rogaland.

– Dei lokale TeknoLabane har gjennomført over 10.000 timar med engasjerande realfagsundervisning.

– Over 20.000 elevar i grunnskulen har fått oppdage realfaga på ein aktiv måte.

– First Lego League har blitt arrangert i Norge sidan 2000.

– Arrangementet varer i åtte veker, og ender opp i ein lokal finale.

– Konkurransen er verdsomspennande.