Kvinne (82) omkom i trafikkulukke ved Vågskrysset

Dei pårørande er varsla. Vegen er no open igjen, og ulukkesstaden er ferdig undersøkt, melder politiet.

av Ingvild Rørtveit Myklebust

Politiet i Sør-Vest meldte i føremiddag om ei trafikkulukke mellom to personbilar i Tysvær, E39/134 Vågskrysset.
Klokka 10.15 meldte politiet på Twitter at E39 var sperra, og at Luftambulansen var på staden.
Like før klokka 15 meldte Vegtrafikksentralen Vest at E39 Våg er open for trafikk.