MUNOR og Grethe Lunde Øvrebø (bildet) inviterer til gratis abstrakt lunsjkonsert i Tysværtunet kommande fredag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
MUNOR og Grethe Lunde Øvrebø (bildet) inviterer til gratis abstrakt lunsjkonsert i Tysværtunet kommande fredag. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Musikk og bilde i samspel

Korleis kan ein lytte til fargane i eit bilde, og sjå musikken? På «Abstrakt lunsj» i Tysværtunet vil ein få høve til å prøve nettopp dette.

Det er duka for ny lunsjkonsert på Tysværtunet kommande fredag. Denne gongen er det MUNOR (Musikkselskapet Nordvegen) og Grethe Lunde Øvrebø, dagleg leiar ved Haugesund billedgalleri, som skal halde konserten.
– Det blir ein musikk- og bildekonsert. Bilda vil bli vist digitalt medan MUNOR speler, fortel Lunde Øvrebø.

– Lytt til fargane og sjå musikken
– Dette er ein serie som MUNOR har hatt ei tid nå, der dei inviterer ulike samarbeidspartnarar til å vere med på. Så inviterte dei meg, seier Lunde Øvrebø.
Vidare har ho og MUNOR utvikla konserten saman.
– Eg hadde nokre forslag til kva type musikk eg ser føre meg, og dei hadde også nokre tankar om kva eg kunne vise, seier Lunde Øvrebø.
Lunsjkonserten har altså fått namnet «Abstrakt lunsj».
– Ein skil gjerne mellom abstrakt musikk, eller absolutt musikk, og såkalla programmusikk som skildrar ikkje-musikalsk innhald som kjensler, landskap eller hendingar. Abstrakt musikk derimot søkjer den «reine musikken». Innanfor bildekunst kan stilen knytast opp mot nonfigurativ eller konkret kunst. Grethe Lunde Øvrebø, gallerileiar på Haugesund billedgalleri, vil avmystifisere det heile for oss i lunsjen. Hennar oppmoding er å lytte til fargane og sjå musikken, kjem det fram i arrangørane si beskriving av arrangementet.

Bilde av musikk
Ein vil mellom anna få høyre dramatisk musikk frå andre verdskrig av Shostakovich. Det blir også presentert musikk av Bethowen og Schubert, og bilde av mellom anna Per Kleiva og Gudrun Kongelf.
– Musikarar jobbar også med fargar. Bethowen beskreiv til dømes H-moll som den svarte tonearten, og Shubert beskriv E-moll som ei pike i kvit kjole med ein rosengrein på brystet, fortel Lunde Øvrebø.
Ho har funne fram bilde frå kunstnarar som arbeider med fargar som bygger bilda, og som er opptatt av til dømes fargeklang eller rom.
– Har Haugesund billedgalleri og MUNOR haldt konsertar som dette før?
– Me har gjort det ein gong før, med bilda til Olav Nygaard. Kommande fredag i Tysærtunet er første gongen me presenterer akkurat dette, og me skal også halde den same konserten i Festiviteten. Den vil vare omlag ein halv time, opplyser Lunde Øvrebø som gler seg til lunsjkonserten.